Påsken er over, og eg har virkelig kobla av fra mail og data. Skikkelig deilig, men samvittigheten beit meg litt i rumpa i dag da eg såg alle mail som venta på meg. Noken gonger må ein berre ta heilt fri. Eller; heilt fri har eg jo ikkje hatt. Dei siste vekene har eg vore med på P4 sin Vinterlyd-turné der vi har besøkt mange av dei største byane i Norge, og vi avslutta med to konsertar på Hafjell no i påskehelga. Ein superkjekk turné med så mange fine artistar, og ikkje minst eit fantastisk (og stort) publikum.

Men altså; påsken! Alle er vel litt lei av bilde-spam på Instagram, men når vi nordmenn endelig får sjå sola att, så blir det slik. Det har vore heilt fantastisk, og eg har kosa meg stort med familie og venner. Første del av påsken var vi på hytta i Sogndal, og siste del blei som nemnt tilbragt på Hafjell. Sol, sol og atter sol. Langrenn, slalom, kos i solveggen og afterski. Rett og slett alt ein kan drømme om i påsken.

Teksten fortsetter under bildet

Vi kom heim igjen i går kveld, og eg bestemte meg allerede da for at dagen i dag skulle brukast godt. Ein kickstart etter ferien. Timane har gått fort, og eg har fått gjort ein heil haug. Vaska x antall maskiner meg kle, trent hos Annema, panta flasker, fylt opp kjøleskapet, svart på mail, og no; endelig eit innlegg på Dailystory igjen (det har latt vente på seg i ein litt travel tid).

Dei neste dagane er fylt med ein jobb eg skal fortelle meir om seinare! No må eg tilbake til grytene, det er fortsatt mykje som skal pakkast ut etter ein lang og fin påskeferie. 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.