Eg har vore veldig usikker på om eg skulle skrive dette innlegget. Om eg skulle tørre å skrive om min eigen kropp, og om mitt forhold til den. For det er så personlig. Og privat. Samtidig sit eg med tankar og erfaringar som andre kanskje kan ha nytte av. Som kanskje kan vere viktig. For noken.
Mitt kroppsfokus kom relativt seint, men det kom. Seint i forhold til slik eg ser det rundt omkring meg i dag, og som eg opplever som trist. Skikkelig trist.
Da eg var yngre, var eg aktiv både med fotball og handball, og trente omtrent kvar einaste dag. Med det kunne eg ete det eg ville. Og det gjorde eg! Eg hadde ingen fokus på korleis kroppen såg ut. Ikkje i det heile tatt! Og det er veldig glad for.
Men ting skulle forandre seg etterkvart. Da Idol-sirkuset starta, og eg flytta til Oslo, slutta eg med organisert idrett. Og på hotellet i hovedstaden besto middagen min som oftast av pølser, pommes frites og rød-Cola, etterfulgt av Sørlands Chips med dip til dessert. Møkkamat. Og ja, eg blei litt større, men eg dreit i det. Heilt til det ein dag kom ein kommentar; «Kanskje du skulle gått litt ned i vekt?».
Den kommentaren satt! Og for første gang begynte eg å tenke på korleis kroppen min såg ut. På grunn av ein jævla kommentar! Den gjekk veldig inn på meg, og eg blei brått veldig sjølvbevisst. Eg hugsar at eg ba bror min om å lage eit trening- og kostholdsopplegg for meg, med proteinpulver og faste rutiner. Dette skulle seinare bli ein besettelse.
Teksten fortsetter under bildet
I åra som fulgte økte eg treningsmengden drastisk. Eg åt riktignok bra med mat, men eg kunne ikkje få nok trening. Eg kunne få skikkelig dårlig samvittighet om eg ikkje trente minst 5 dagar i veka, og eg følte alltid at eg måtte vere på treningssenteret i halvannan time – minst. Eg kunne gjerne ta heile tre gruppetimar på rappen, for at eg skulle kunne gå fornøgd heim. Eg var jo glad i å trene, men etterkvart gjekk det fra å vere sunt til og bli alt for mykje!
For fire og eit halvt år sidan blei eg gravid. Og for første gang på mange år, kjente eg at kroppsfokuset slapp taket. Faktisk omfavna eg at vekta gjekk opp, fordi eg visste at det var slik det var og måtte vere. Eg elska det som skjedde inni meg! Eg skulle fostre opp eit barn, og eg ville gjere alt for at ho skulle ha det best mulig inni der. 16 kg gjekk eg opp under graviditeten. Og joda, eg følte meg litt tung på slutten, men eg hadde ikkje ein einaste vond følelse rundt det. Og dét var så deilig!
Dagen etter at eg fødde, følte eg meg som ein sylfide (noke eg på ingen måte var), men eg tenkte ikkje eit sekund på vekta. Det var heller ikkje noke mål for meg å gå fort ned igjen i vekt, for eg hadde noke så mykje viktigare å tenke på, den nydelige jenta mi.
Teksten fortsetter under bildet
Denne følelsen har heldigvis vedvart sidan da. Og det er eg utruleg glad for! Eg har aldri brydd meg mindre om korleis kroppen min ser ut, samtidig som eg heller aldri har følt meg så bra! Og er det ikkje nettopp slik, at om ein sluttar å stresse med kropp og utsjåande, så føler ein seg automatisk mykje bedre?
Eg er fortsatt opptatt av trening og kosthold, så absolutt! Men alt med måte. No trenar eg to gonger i veka, noken veker ikkje i det heile tatt. Øktene mine varar i 45 minutt. Det held i massevis for meg! Eg er opptatt av å leve sunt og vere i form, og eg merkar at trening er med på og styrke helsa mi og gi meg energi i kvardagen. Eg er fortsatt slank, og det er ikkje det at eg ikkje gjerne vil holde bakenden så stram som mulig, men i ein alder av snart 30 så merkar eg at tyngdekraften melder seg, og at kroppen forandrar seg. Det har komme noken cellulittar her og noken strekkmerker der. Men det er heilt normalt, og sånn det skal vere. Det er helt greit.
Eg er glad i kroppen min, og eg er glad i å kose meg. Og slik har eg tenkt at det skal fortsette. Og eg hadde så inderlig håpa at fleire jenter hadde klart å slappe meir av når det kommer til desse tinga. For det er ikkje så farlig, og det betyr ikkje så mykje. Det er jo ikkje dette livet dreiar seg om. Eg trur at det å senke skuldrane litt, gjer at ein faktisk ser bedre ut. Ein får ein annan ro, og ein annan utstråling. Så gi litt meir F, jenter! Det har eg heldigvis lært, og det er eg utrulig glad for. Men det tok litt tid.
Vær stolt av den du er, og gratulera så mykje med kvinnedagen, alle sammen!
Tone, snart 30 år
ALLE FOTO: Aleksander With
12 thoughts on “Kroppen min”
Takk
Pingback: Tone Damli om trening og kosthold i innlegg: – Ble en besettelse – Rampelys – Media
Kjære Tone
Du er den vakreste dama jeg vet om!
Sjarmerende og kul!
Kos deg i kroppen din, men god samvkttighet;)
Heia jentene!!
Tusen takk, Eirin! 🙂
Utrolig bra innlegg Tone! Kjenner meg igjen i så mye, spesielt det med at kroppspresset ga litt slipp når jeg ble mamma 💕
Godt skrevet, kjenner meg igjen i alle fasene dine og er like gammal… utrolig flott at du deler!
Veldig fint innlegg!
Så flott at du deler dine tanker og erfaringer rundt et så viktig tema! Det tror jeg vil bety mye for mange. Og slik kan du være med å gjøre en forskjell på dette området! Kroppspresset som dagens unge jenter lever under er ikke bra for hverken fysisk eller psykisk helse. Og de/vi sammenligner oss med blant annet retusjert reklame og dermed også uekte og urealistiske kropper. Veldig trist utvikling. Derfor støtter jeg også NKS’ Skjønnhetstyranniet som setter fokus på nettopp denne problematikken. Vi må nok gi litt mer F. ja og ikke minst kose oss mer med det som virkelig betyr noe her i livet.
Der finst dessverre alltid en eller anna tosk som skal komentere vekt. Eg brukte heile ungdomsperioden min på og føle meg feit, pga. nokon komenterte at eg hadde stor rumpe. Eg var 1.61 høg og 62 kg.
Eg har for ikkje so lenge sidan fått jente nr 4. og har tenkt at vassendgutane si strofe “majen an henge an dingla når ei gjenge” passa bra 😅 Ja er nesten slik. Eg veit eg har alt for mykje på kroppen, men eg får ikkje gjort so himmla mykje med det. Trening er faktisk luksus når en har fire ungar. Alt til sin tid. Tenk kor sylfide eg egentlig var første gong eg tenkte at eg var feit..😅 No tenker eg at kropp får være kropp. Eg er lykkelig❤
Så fint skrevet, Tone! Jeg har alltid ment at du har fått uforståelig mye kritikk for de minste ting, du er en så vakker og talentfull dame. Gratulerer med kvinnedagen som var😊
Så viktig og bra innlegg! Jeg har også vært der, at jeg MÅTTE innom treningssenteret minst en gang om dagen, helst to. Om jeg ikke dro, fikk jeg ikke ro, jeg fikk skikkelig dårlig samvittighet og ble småsprø, haha. Jeg fikk også veldig noia for å spise usunne ting. Og det er ikke sunt, det heller!
Nydelige bilder av deg, forresten! Klem.
Godt skrevet! Kudos