Denne helga har vore full av festlige ting, egentlig heilt fra torsdag da det var opning av “The Hub”. For eit heidundrande party der det ikkje var spart ein ting. Fantastiske artistar som Ina Wroldsen, De Nye Gitarkameratene, Arif, Carola og fleire. Nydelig mat og generelt GOD KOK. Da kosa eg meg, veit du. Fekk til og med bilde med sjølvaste Carola! Fotograf-kompis, Robin Bøe, hadde med seg analogt kamera, det var tider det- da ein tok eit bilde og var happy med det #nostalgi

Men det var godt å komme i gang med denne veka, legge helga og paljettane fra seg. I går kveld prøvde eg Bikram Yoga for første gang, og det må eg sei, det var ganske så digg. Eg er egentlig ikkje så fryktelig fan av slik varme, men kroppen vente seg til det relativt fort. Eg kan ikkje akkurat sei at eg er smidig som ei katte, men etterkvart så følte eg faktisk at det løsna litt opp. Og som eg sveitta. Er ikkje normal kost for meg at ein kan vri opp trusa etter ei økt. Dette skal eg jammen fortsette med. Iallfall sånn i ny og ne.

Eg gledar meg til resten av veka som blir betraktelig roligare enn helga. Ser fram til sofakos på kveldane og familietid. Det beste som finns.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.