Dette er ein ganske så fin lørdag. Og litt rar. Markus er på guttetur, og Billie er med farmor på tur. Eg har vore på jobb i Fredrikstad med Vero Moda tidligare i dag, og no sitter eg mutters aleine. Eg veit ikkje om eg syns det er godt eller ikkje, men eg trur absolutt at ein ha godt av å bruke litt tid for seg sjølv av og til.
Eg har ete nudlar til lunsj, orka ikkje lage noke meir hokus poukus enn som så når det kun er til meg sjølv. Dessuten ELSKAR eg nudlar. Sånn virkelig. Nudlar med Skoglunn-pølsebitar oppi, pimpa med Sriracha, soyasaus og cayennepepper. Halleluja!
No skal eg ta meg ein ettermiddagslur, tenkte eg. Eg kan jo det når eg kun har meg sjølv å tenke på! I kveld skal eg møte ei venninne til middag. Det blir skikkelig hyggelig, for ho har hengt alt for lite med dei siste åra. Ho har barn, eg har barn- og da blir det brått slik.
I morgon kveld er troppen samla igjen, og det gledar eg meg skikkelig til. Men eg må sei at det er fint å savne litt innimellom. Da kjenner ein ekstra på kor heldig ein er og godt ein har det i lag.
Can be the life of the party, but home is where I like myself.
FOTO: Aleksander With
3 thoughts on “Life of the party”
Lekker! Hvor er buksen fra? 🙂
Dei er fra Designers Remix, men fjorårets…
Hei! Er kåpen fra vero moda? Veldig fin😊