På denne tiden i fjor låg eg langflat å deiga meg på ei solseng i Marbella. I dag sitter eg i sofaen heime å ser ut på sol, regn, torden og lyn. Eg hadde egentlig planar om å stikke ut snart, men det er godt mulig eg berre held meg innendørs i dag. Kanskje eg rett og slett skal ta ein liten fridag med Game of Thrones på skjermen?! For jada, eg er ein av få som ikkje har sett denne serien enda, men i går begynte eg!! Heilt ærlig så syns eg det har vore litt tungt å skulle starte. No kjenner eg at eg berre gledar meg til mange deilige timar. Trudde heilt ærlig at dette ikkje var ein serie for meg, men så feil kan ein altså ta.

Har vore litt fraværande her i det siste, men det er kun fordi det skjer mykje anna om dagen. Litt merkelig det egentlig, det er jo da eg burde sette meg ned å fortelle om alt, men tiden og kreftene strekke da ikkje heilt til

Eg jobbar ein del i studio om dagen, og det er så ekstremt givande! Du veit når du gledar deg til å gå på jobb, og kjem heim att med enda meir energi enn da du reiste. Da er jobben fin da! Slik har eg det no. Vi jobbar mest med låtskriving og spelar inn demoar, så får vi sjå kor denne reisa endar og korleis låtar vi endar opp med. Dette er ein prosess, og eg anar virkelig ikkje kor lang tid vi kjem til å bruke. Det einaste eg veit er at vi slettes ikkje har det travelt, og det skal ikkje vere stress eller deadlines. Enn så lenge iallfall.

I morgon kjem mamma til byen, og bilen hennas er lasta med eit piano som eg har vore så heldig å arve av Besta og Besten. Eg gledar meg heilt enormt til å få det i hus! Eg har savna i så mange år å ha eit akustisk piano som eg kan sitte å klimpre på. For meg gir ikkje eit el-piano den samme følelsen. Langt der i fra. For meg gir eit “skikkelig” piano skrivelyst og glede.

Steike, der kom sola att. Kanskje eg skal ta meg ein kjapp tur ut, så får Game of Thrones vente til etterpå. Eg har jo ikkje samvittighet til å sitte på rævva. Ha ein nydelig torsdag.

Bildene er fra ein fotoshoot eg hadde med Costume i 2012 i Cannes. GUD, er det så lenge sidan?! Bildene er tatt av Jørgen Gomnes. 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.