Musikar-lørdag

Verdens roligaste mandag for min del. Eg har rett og slett brukt dagen på å hente meg inn igjen etter ei helg full av jobb. Mandag er jo “musikar-lørdag”. Fredag og lørdag var eg i Bergen å sang på to julebord-event, og i går var eg tilbake på Vestre Kjærnes Gård med Hver Gang Vi Møtes-gjengen. Ke vi gjorde der skal eg ikkje røpe, men det kjem på tv i nærmaste framtid. Vi klara ikkje å gi heilt slepp på kvarandre, vi har det så hyggelig i lag! Vi møtes igjen og igjen.

 
 

Også er jo Desember i gang. Det er så hyggelig! Adventslysa er på plass, Billie våknar som eit tent lys kvar morgon og gledar seg til kalendar. Vi har baka pepperkaker og snart skal juletreet opp! Det er stas med førjulstid!

Julepresangar er eg så vidt i gang med. Den viktigaste av dei alle og den mest tidkrevande har eg starta på, nemlig fotoalbum som eg kvart år gir til besteforeldrene til Billie. Gaven eg trur blir mest verdsatt av alle i vår familie.

Markus og meg vurderar å kutte gaver til kvarandre i år og heller bruke peng på reise, kanskje til og med reise vekk i jula. Førjula er så lang og fin uansett, så eg kan godt avsjå sjølve julefeiringa. Vi får sjå ke det blir til, har ikkje heilt bestemt oss. Noken som har bra reisetips i jula? Vi vil ha sol og varme (og ikkje Gran Canaria, der har eg vore nok i det siste;)

Eg kan ikkje sei at eg har kickstarta denne veka, men eg er iallfall utkvilt og klar for alt som skal skje dei neste dagane. Onsdag er det fotoshoot, fredag reiser eg til Bergen igjen for å gjere to siste show, og søndag er det julekonsert heime i Sogndal.

Håpar alle har ei fin førjulstid! 

Foto: Magnus Westerlund

 

 

7 thoughts on “Musikar-lørdag”

  1. Dere burde reise til Kilifi i Kenya! Søstra mi bor der med sin familie (mann og tre barn i alderen 6 år, 4 år og 1 år. De skal arrangere julefeiring for alle som vil i landsbyen der. I tillegg er det flere fine steder der hvor dere kan bo:)
    sjekk ut http://www.mammalinda.com

  2. Hei Tone,

    Jeg driver et lite reisebyrå caribia.no og kan gjerne hjelpe til med reise i jula eller bare gode tips 🙂 Det er absolutt siste utkall for plass på fly og de gode hotellene over jula nå, men intet er umulig 🙂

    Mvh

    Wendie

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.