Noke av det ærligaste eg har gjort

Eg var opptatt lørdag kveld, og fekk ikkje sett sendinga av Hver Gang Vi Møtes før seint på natta. Eg var alt for nysgjerrig til å klare å vente til dagen etter. Nysgjerrig fordi meldingar hadde tikka inn ein etter ein tidlegare på kvelden, responsen var jo heilt vill! Og ikkje minst var det veldig hyggelig med terningkast 5 både i VG og Dagbladet.

Det blei ein tårevåt aften, noke eg var heilt uforberedt på denne kvelden. Det berre kom, som eit hardt slag! Eg blei veldig rørt av historien Claudia fortalte om seg og sin pappa, og at han for kort tid sidan gjekk vekk. Det satte i gang tankar i mitt eige hove, veldig fine tankar om min eigen pappa, men ikkje minst det at ein gjerne tar ting litt for gitt. Og eg er livredd for å miste folk eg er glad i. Eg måtte pause heile produksjonen i sikkert 10-15 minutt, for eg måtte tømme tårekanalane på do i fred og ro. Godt dei fekk klipt ned grineseansen min litt iallfall.

“A Picture Of My Dad and I” er muligens noke av det ærligaste eg har gjort. Kvart einaste ord i teksten betyr så masse, og det føltes veldig godt å kunne by på seg sjølv på denne måten. Også var det fantastisk å få gjere country, litt Alison Krauss inspirert. Eg elska det! Kanskje eg endelig skal høyre på pappa og lage ei country-plate. Det var jo tross alt der eg starta. Pappaer har ofte rett, er det ikkje slik?

Teksten fortsetter under bildet

Det blei ein veldig fin dag, og det var godt å senke skuldrane etter opptredenen. For det skal eg sei, dei nervene vi alle bar på kvar einaste dag på gården var ganske heftige. Litt rart egentlig, fordi alle ville jo kvarandre berre godt, og gruppa var så fin og trygg. Nerver altså, vanskelig å kontrollere.

Neste helg er siste Hver Gang Vi Møtes. På lørdag er det Tor Endresen sin dag og allerede på søndag runda vi av med Duett-sending. Det blir litt rart. Antiklimaks, og ut av denne velkjente “bobla”. Skulle nesten ønske eg fekk oppleve alt ein gang til, så kjekt syns eg dette var. Kanskje eg skal spørre TV 2 om å få bli med på enda ein runde 😉

For eit eventyr!

2 thoughts on “Noke av det ærligaste eg har gjort”

  1. For en fantastisk flott tolkning du gjennomførte med Claudia sin sang. Og JA du burde gjøre en country-plate. Syns stemmen din med den lille “knekken” passer country sjangeren. Heier på deg! 😊

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.