Ny frisyre og gjensyn med smurfen

Ein skulle tru at desember var høgsesong for fest og moro, men januar er ein vel så “hektisk” månad for festligheta her i gården. Forrige søndag var det Kjendisgalla på Grand Hotel, og på torsdag var det Costume Awards – som i mine auger er ein av dei aller kjekkaste festane. Eg var riktig nok sliten denne dagen, da eg kom rett fra jobb i London. Men med litt hår, sminke og ein fin kjole så kom eg meg i party mood.

No skal eg bruke to dagar på å lade batteria før eg pigge til København Fashion Week på onsdag. Eg er ikkje ein av dei som springe fra show til show, men har noken faste som eg likar å gå på. Hedda og meg har gjort det til tradisjon å reise til Køben under denne veka, men vi syns det er vel så hyggelig å drikke vin på Café Victor. Husmorsferie!

Har forresten klippa meg rimelig kort igjen. Ikkje planlagt fra mi side, men det skjedde som ein følge av jobben eg gjorde i London. Veldig fornøgd da! Digg med litt forandring innimellom, eg som ikkje gjer så mykje med håret mitt i utgangspunktet.

Og sjå under her kem eg møtte på Costume Awards!! JORUN!! Det var eit gledelig gjensyn, det. Herregud, så glad eg er i denne jenta og dei minnene vi har i lag. Og eg elska at ho er tilbake i rampelyset – der ho høyrer heime. Heldigvis er ho mykje i Oslo om dagen, så no kan eg sjå den nydelige smurfen min mykje meir framover (vi kalla ho for smurfen under Idol).

Bildene er lånt fra Costume.no og Se&Hør

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.