I går var det Halloween både for store og små. Eg har ikkje hatt til vane å gjere noke ut av Halloween, men når Alexandra Joner og Runar Vatne drar i gang tidenes fest på Bølgen & Moi, så må ein jo kline til.
Markus og meg syns det er like å kjekt og kle oss ut begge to, og vi syns det er gøy å planlegge. I år bestemte vi oss for å ta utgangspunkt i “Pirates of the Caribbean” og karakteren “Jack Sparrow”. Vi tok turen til Kostymelageret på Jar der dei har eit sinnsjukt utvalg av det aller meste. Vi fekk fantastisk hjelp da vi var der, og var strålande fornøgde med kostymene vi endte opp med. Hakket meir komfortabelt enn i fjor da vi holdt på å sveitte oss ihjel i lateks (sjølv om det var jækla kult da).
AG var ikkje heime denne gangen, så da var vi så heldige å få sminke av fantastiske Tale Rypdal Eide. Tale elskar Halloween-sminke, og er virkelig god på det. Når det kjemme til å pirat-sminke, så er det kanskje litt begrensa ke ein kan finne på, men eg syns ho var kreativ og det blei superkult! Ho gjorde óg sminken til Hedda og Lene Orvik.
Festen var fantastisk, og folk hadde virkelig tatt utkledningen på alvor! Så gøy når folk faktisk legg litt i det. Skal det vere, så skal det vere! Tusen takk for tidenes Halloween-fest, Alex og Runar! Gledar meg allerede til neste år- for dette MÅ bli tradisjon!
Foto: Magnus Westerlund