Det er helg igjen, eg har pakka bagen og skal snart vende snuten mot Gardermoen og ende opp i Bergen. I kveld skal eg på middag med Vero Moda-teamet, før eg i morgon skal møte shoppeglade folk på Torgallmenningen. Alltid kjekt med Bergen! Det blir spennande å sjå korleis kolleksjonen blir tatt i mot. Responsen i forkant har iallfall vore fantastisk- og det gjer meg jo veldig glad.
I kveld er det óg premiere på Senkveld på TV2 kl 22:15, der eg og dei andre som er deltakarar på Camp Senkveld stiller i studio. Første episode av campen blir selvfølgelig vist. Eg er rimelig spent på resultatet. Trur det blir veldig gøy! Iallfall hadde vi det sabla morsomt under innspeling.
Foto: Magnus Westerlund
Sjølv om eg skal jobbe litt denne helga, så er fortsatt helgefølelsen magisk. Desse bildene tatt på bardisken på Torggata Botaniske gjer at eg får lyst å svinge meg ute. Og jammen får eg ikkje muligheten til det på lørdag! God mat, drikke og fine folk. Hoftene er varma opp og rockefoten er klar. Dette skal bli ei nydelig helg! I tillegg avsluttast helga med morsdag på søndag. Drømmehelg.
Skal du noke gøy i helga? 🙂