Det nærma seg helg og eg er atter ein gang klar for avreise til Bergen- siste av tre helgar. Eg gledar meg skikkelig til å synge for to fullsatte salar fredag og lørdag, og på søndag er det julekonsert heime i Sogndal. Det finaste med heile helga er at eg skal ha med meg Billie på tur- og ho gleda seg ikkje reint lite. Ho syns det er kjekt å få vere med mamma på jobb. Heldigvis får eg hjelp til barnevakt når eg er på scena seint på kvelden.
Så no går vaskemaskina i eitt her, og eg skal pakke til to før eg tek ein tidlig kveld. Eg var ute med Dailystory-jentene i går, så eg kjenner at kroppen er litt frynsete og redusert- så det skal bli godt å legge seg- i reint sengetøy!
Etter denne jobbhelga går eg ein roligare tid i møte, og det skal bli veldig godt. Eg kjenner óg at eg begynna å glede meg til eit nytt år. Er alltid så deilig å starte med blanke ark.
Foto: Magnus Westerlund