Skal dele meir enn nokon gong

Så var tiden endelig komme! No på lørdag, eit halvt år etter innspelingen av Hver Gang Vi Møtes, skal programmet omsider på skjermen. Eg boblar over av følelsar, mest gode, men og ein god del spenning! Eg er jo ekstremt spent på reaksjonane. Eg håpar di vil like det di ser, og at samholdet i gjengen vår skinne gjennom.

Forrige helg såg eg på Hver Gang Vi Møtes Spesial der noken av dei tidlegare artistane som har vore med blei intervjua. Det var godt å sjå at dei satt med dei samme følelsane som eg sitter med akkurat no, det gjorde meg litt roligare. Det er ein heftig opplevelse å dele så mykje av seg sjølv, meir enn eg noken sinne har gjort tidlegare. Reine psykolog-timen. Eg må sei at det føltes veldig fint, at folk kan få bli litt kjent med meg på nytt eller kanskje få oppleve litt andre sider ved meg. Og Gud, som eg grine! Masse! Eg er ei følsom jente, noke eg virkelig fekk kjenne på under dette oppholdet. Men jammen ler eg mykje óg! Eg blei heilt støl i magemusklane!

teksten fortsetter under bildet


Det ein seier om den såkalla “bobla” ein havnar i i et program som Hver gang vi møtes, at ein blir så innmari gode venner på så kort tid; eg kan bekrefte at dette stemmer. Det er egentlig ganske vilt at det går an, men når ein deler så mykje med kvarandre, går gjennom ein persons liv og karriere kvar dag, da blir ein jo godt kjent og gjerne glad i kvarandre. Eg er i alle fall utrulig takknemlig for å ha fått så mange nye venner og at eg har fått høyre og ta del i deira historie. For ein fin gjeng! Eg trur nok at di vil bli litt glad i dei, di og!

Sesong 7 av Hver Gang Vi Møtes går på TV2 i morgon kl 20:00. Eg gledar meg!!

2 thoughts on “Skal dele meir enn nokon gong”

  1. ELSKET programmet, Tone. Gleder meg masse til fortsettelsen. Sangene og historiene, magisk! Og guri malla – så mye fine klær du har på deg (som alltid!), så inspirerende nå frem mot våren og sommeren!

    1. Hei Erica! 🙂
      Tusen takk! Eg tenkte eg skulle lage ein innlegg etterkvart der eg skrive om alle antrekka eg har på meg. Veldig kjekt at du blir inspirert.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.