Sommarferien er i gang for meg og Billie. Markus jobbar ut neste veke, så har vi alle ferie. Forrige helg var vi på Gåsøya der Markus sin familie har sommarhus. Ein av dei beste plassane vi kan tenke oss å vere. Det er ei lita bilfri øy i Oslofjorden, hytta ligger ved vatnet og sola står på heilt til den går ned. Ganske så magisk. Obligatorisk morgenbad kvar dag etterfulgt av dusj ute i det fri. Finns ingen bedre og friskare start på dagen!
No er vi i land igjen. Billie og meg har kosa oss med Teknisk Museum, kino og bytur. Eg er jo i byen stort sett kvar dag, men det er ikkje så ofte Billie er der, så for ho er ganske stas å tusle rundt i gatene. Her om dagen køyrte vi forbi leiligheten vi hadde på Frogner da ho blei fødd. Det syns ho var rimelig kult og litt rart.
På mandag reiser vi til Vestlandet. Eg skal vere ein del av ein konsert på Sandane, deretter blir det bryllup til vennene våres, Ida og Torgeir. Hæla i taket! Det skal bli så gøy. Etter dette er det heim å pakke dei store koffertane og gjere oss klare til avreise til Florida. Den endelige reiseruta er endelig satt; Disney World/Orlando i 5 netter, Miami i 3 netter og til slutt Key West i 6 netter. Trur dette blir ein fantastisk ferie for heile gjengen!
Håpar alle- ferie eller ei- kosar seg glugg. Også kryssar vi fingrane for at varmen kjem snarast 🙂
2 thoughts on “Sommaren her og no!”
Så fin kjole! Hvor er den fra? God sommer!🌞
Den er fra Zimmermann 🙂