Reklame

På lørdag var det Spellemannprisen på Sentralen og Sentrum Scene. Ein stor fest for å hylle musikknorge og utøvarar innanfor ulike genrer. Og for eit år 2016 var for norsk musikk, vi har så mykje å vere stolt av.

Eg var der i lag med Eccentric Music, der blant anna vår Joakim (Kid Joki) som har skrive og produsert “Pinnacle” var nominert til årets produsent. Han har blant anna gjort “5 fine frøkner” med Gabrielle, “Arigato” med Julie Bergan og “Dust” med Astrid S. Riktig nok så meinte han at Cashmere Cat vann prisen fortjent, men likevel stas å vere nominert. Det er jo ein liten seier i seg sjølv, spør du meg.

Og hurra for Astrid S som fekk prisen for Årets Nykommar! Og nei, eg har aldri sagt at eg skal ha noken ære for hennas suksess som VG ville ha det til (møkkaskriveri). Derimot er eg stolt over å ha vore med å oppdage ho som dommar i Idol. Astrid er eit stjerneskudd med verden for sine føtter. Heia, heia- heile vegen.
Eg veit eg masa mykje om ny singel og slikt om dagen, men har du enda ikkje høyrt låta mi eller kanskje du vil legge den til i spelelista di, så finne du den her.

Takk for ein fin Spellemannkveld.

Foto: Robin Bøe

Takk for styling av Line Langmo og sminke/hår av AG Starheim. 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.