Og med våren kjem allergien

Reklame

Og med våren kjemme allergien, som julekvelden på kjerringa- kvart år! I går var eg eit vrak. Våkna med hovent ansikt, augene var to strekar og nasen fullstendig tett. Først tenkte eg berre at eg hadde sove tungt og lenge, men følelsen skulle tydeligvis ikkje gi seg. Utover dagen blei eg verre. Eg var på trening hos Annema, og det må ha vore tidenes tyngste økt. Ikkje fordi ho pusha meg hardt, men fordi kroppen var så ekstremt svak og sliten.

Eg har prøvd å forklare Markus ke det innebære og ha pollenallergi, for det kan høyres ut som ein tulleting for folk som sjølv ikkje har det. No har han skjønt at det slett ikkje er ein dans på roser. Det føles innimellom ut som ein kraftig influensa. Eg blir vanvittig trøtt og sliten, får rennende auger og nase, nyser i eit køyr og summen av dette kan óg gi hoveverk. Ingen god følelse.

Våren er fin, men eg skulle gjerne vore foruten blomsterstøvet. Takk og pris for piller og andre behandlingar som heldigvis hjelper. Det er berre til å legge mascaraen på hylla for ein liten periode.

Tips og råd ved pollenallergi:

I tillegg til medikamentell behandling er det ei rekke råd du kan følge som kan lette plagane i allergisesongen:

  • Lukk vindauger og dører på dagen, særlig ved sol og vind. Luft heller på kvelden og natta og etter at det har regna, da er pollennivået i lufta som oftast på sitt lavaste.
  • Bruk pollennett på vindaugene
  • Unngå å tørke kle ute i pollensesongen
  • Solbriller kan redusere mengde pollen som kjem i augene
  • Dusj på kvelden etter at du har vore ute. Hugs å skylle håret slik at du får fjerna pollen fra håret også.
  • Skift putevar ofte
  • Unngå kontakt med husdyr, da dei ofte har pollen i pelsen.
  • Tren innendørs når det er mykje pollen i lufta.

Informasjon er henta fra nettsider som Vitus Apotek, Apotek 1 og Allergiguiden

 Foto: Magnus Westerlund/ VERO MODA

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.