Reklame

Eg som vanligvis elskar mandagar, men denne starta litt treigt. Halsen føles tett og hoven, kroppen er slettes ikkje i toppform. Heldigvis har eg ein snill kjæreste som lot meg få sove mens han ordna alt med Billie før barnehagen. Skrotten måtte til slutt opp, så etter ein lang dusj og eit par penselstrøk i trynet kom eg meg omsider ut. Og i dag er det SOL, det hjelper iallfall litt!

 

Eg har masse å gjere i dagane framover. Mest fokus på å øve inn tekst til julebordjobbing eg skal gjere dei neste helgane. Eg gledar meg til det, men gledar meg enda meir når eg veit at alt sitter! Om eit par dagar er eg nok heilt oppe å nikkar.

På onsdag reiser eg til Ålesund og Moa-senteret der vi skal sleppe “drop” 2 av Vero Moda kolleksjonen. Dette er det sleppet eg gledar meg mest til for no kjem det enda fleire partyantrekk – det er så masse fint! Berre å glede seg 🙂 

Foto: Magnus Westerlund 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.