Ein heilt månad med ferie er over, ein månad i lag meg dei to beste eg veit. Vi har farta masse rundt. Markus og Billie reiste til Spania med min familie mens eg var på Hver Gang Vi Møtes, så flaug eg ned da eg var ferdig med opptaka. Så deilig å komme rett til sol og varme etter intensive innspelingsdagar på Vestre Kjærnes Gård. Trengte å ligge litt i vater.
Etter Spania reiste vi til Sogndal, så til Hankø, så til Sogndal igjen, deretter avslutta vi på Bømlo. I år som i fjor brukte vi masse tid i Norge, og eg syns det er så rikitg- norsk sommar er jo det vakraste som finns (litt regn tåler vi, tross alt). Syns det har vore ein fin norsk sommar, eg.
I might be the only one, men eg gleda meg skikkelig, skikkelig til kvardagen. Hadde første dag i studio på fredag, og eg kjenner det kribla i magen med tanke på å komme i gang igjen. Vi har masse planar, og skal stå på i tiden framover.
Billie har begynt i ny barnehage, så no sleppe vi pendlingen inn til by´n kvar einaste dag. Skikkelig digg, og den nye barnehagen virkast heilt fantastisk. No gledar eg meg til å bruke 10 min på levering, deretter fortsette dagen med ein rolig kaffi framfor dataen heime.
Sommaren har vore så fin… og sommaren er jo ikkje over enda. Vi har heile august framfor oss, og dette trur eg blir ein knallfin månad. Eg skal til København ein tur denne veka, så er det stort party til helga. Neste helg er det ELLE-fest og Findings. Innimellom dette festlige, tenker eg å bruke mest mulig tid i studio.
Snakkast snart, fine folk.
Ton