Det føles rart at det er fredag i dag sidan det var fri i går, men eg takkar aldri nei til fredag! Det har heldigvis fått regna fra seg ute, og sola har titta fram igjen. Eg har brukt dagen på å “shine” huset, vaska kle og vaska meg sjølv, og no er eg klar for ein deilig, rolig ettermiddag med min vetle familie.
Vi hadde årets første Gåsøya-tur fra onsdag til torsdag. For dei som ikkje veit ke Gåsøya er, så er det ei øy i Oslofjorden der Markus sin familie har feriehus. Ei perle uten like, og vi elska å vere der! Eg tok til og med årets første bad, og det var slettes ikkje så ille. Kan vere eg er litt mindre kresen på temperaturen da eg er vokst opp på vestlandet der det er hakket friskare i vatnet. Det var uansett digg, og eg eg gledar meg no enda meir til “morgenbad-sessongen” er skikkelig i gang.
Ha ei riktig så fin helg alle sammen! Nyt den deilige våren.