Reklame

I dag er det ei veke sidan eg slapp “Strangers“, og eg må først og fremst takke for alle fine tilbakemeldingar fra så mange. Eg sette utrulig stor pris på kvar og ein. I tillegg er det kjekt å sjå at den har blitt lytta mykje til, responsen på Spotify er veldig god og den har snike seg inn på mange spelelister. Det er superdupermorro! Fortsett med det 🙂 

Denne veka har gått med til promotering av låta, og eg kjenner at eg er litt kokt i pappen. Ikkje fordi at det er spesielt slitsomt, men fordi eg er så gira og oppspelt.

No er det fredag, og eg skal straks legge meg langflat i sofaen, sjå på Skal Vi Danse og ete kyllingvinger. Det er ein god fredagskveld. Håpa din kveld er fin óg.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.