Annonse

I morgon lanserast enda fleire vårfavorittar fra Vero Moda. Er det ikkje deilig å tenke på at ein snart kan legge boblejakka på boden og traske rundt i tynnare plagg?! Eg har forsåvidt gjort det ei veke allerede, sjølv om det fortsatt er litt kjølig i lufta.

Denne kolleksjonen fra Vero Moda er så fin, og eg er atter ein gang veldig stolt over å vere deira ambassadør. Nedanfor kan du sjå kampanjebildene og mine tankar og rundt dei ulike plagga.

Dette antrekket vil eg sei er veldig meg. Det er enkelt og sommarleg. Eg får aldri nok av blondeblusar, og denne er rett og slett superfin

Gi meg sett! Eg diggar det, og har mykje av det i klesskapet. Dette kord-settet er knallfint. Kjem óg i gul og kvit/krem.

Denne jakka er så cool! Kan brukast som ein tynn vårjakke, eller rett og slett berre som ein overdel slik som her på bildet. Kjem i lysblå og kvit. Shortsen er óg dødskul, boyfriend-variant. 

Denne kjolen er så fiiiiin. Elskar blåfargen! Denne kan brukast til alt fra bryllup, sommarfestar, på stranda med Havaianas eller på jobb med for eksempel Converse.

Eg trur ikkje eg har hatt på meg ein grønn kjole sidan Idol-finalen i 2005, og skal ærlig innrømme at den i sin tid ikkje var den finaste. Denne derimot, har gjort at eg har fått augene opp for grønn igjen. Den er råfin! 

Enda ein nydelig sommarkjole! Denne er fantastisk behagelig å ha på da den har strikk i livet. Eg har ikkje så mykje i denne fargen fra før, så den sprita absolutt opp mitt klesskap. Det er gøy å teste ut nye fargar, og denne skal virkelig få køyrt seg framover.

Denne skjortekjolen er kanskje den eg diggar mest fra denne kolleksjonen. Eg hadde på meg den på lørdag da eg besøkte Vero Moda på Torvbyen i Fredrikstad. Da styla eg den med jeans under og boots. Eg gledar meg dog til å kun ha bare bein som her på bildet. Denne kan ein style opp og ned slik ein måtte ønske. Kjem til å leve i denne framover!

På Costume.no kan du lese 4 kjappe spørsmål med med meg om sammarbeidet med Vero Moda og den nye kolleksjonen. 

FOTO: Renate Torseth

2 thoughts on “Vår med Vero Moda”

Leave a Reply to Tone Damli Cancel Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.