Blomster levert heim på døra!

Eg vil alltid ha blomster på stovebordet. Eg blir glad av det! I tillegg får eg lyst til at alt anna rundt meg skal dere ryddig, reint og fint. Blomster for meg er med på å skape ein harmoni i heimen (ja, der høyrtes eg kanskje gammal ut).

Men fakta er at eg heilt sidan eg kjøpte min første leilighet som ganske ung har elska blomster. Blomster er ein form for luksus i kvardagen, men eg meinar oppriktig at det gjer noke utelukkande positivt med sinnet. Eg blir rett og slett glad av dei!

Eg har vokst opp med masse planter og blomster. Pappa er gartnar, og heilt sidan eg var kanskje 6 år har eg hatt sommerjobb i planteskulen i lag med alle søskenbarna mine. Kjempegode minner! Sjølv om eg på det tidspunktet ikkje var spesielt opptatt av blomster i seg sjølv (naturlig nok kanskje), så har eg vokst opp med det og det har gjort noke med meg.

Også er det Markus da. Min fantastiske kjæreste. Kem skulle tru at eg skulle møte ein blomstergutt? Noke så fint. Eg var 17 år da eg blei kjent med han. På den tiden jobba han i blomsterbransjen, og var der i over 10 år med pappaen og broren. Eg var støtt på Øker´n å handla blomster- litt fordi det var billigare, mest for å sei hei til han 😉 Markus kan selvfølgelig masse om blomster, og her i familien er det han som er blomsteksperten. Det er han som automatisk har ansvar for snitte blomstrane og anna stell, men eg elskar det eg óg!

BTW: på instagramkanalen til Blome.no ligger det tips og triks som er greit å kunne når ein har blomster i hus. Ting iallfall ikkje eg visste fra før. Kanalen vil oppdatarast med mykje slikt framover. 

Eg hadde nok ikkje tenkt eller sett for meg at eg skulle sitte her å skrive om blomster, men her er eg altså. Eg har den siste tiden blitt kjent med Blome.no som er ein abonnementstjeneste på blomster. Konsepter er rett og slett at du får levert ein vakker bukett på døra to gonger i månaden. Kor fantastisk fint er ikkje det?!

Det handlar selvfølgelig om den hektiske kvardagen og om å gjere det lettare for folk. Men ikkje minst at det er ein herleg overraskelse kvar fjortende dag da du ikkje anar korleis bukett som blir levert. Det einaste som er sikkert er at den er knakandes fin, sesongbasert og av beste kvalitet. 

Forrige veke var eg med Blome.no til Holland. Der var eg med på blomsterbørsen, verdens blomstermekka! Ein fantastisk opplevelse som eg seint kjem til å gløyme. Her besøkte vi dei som levera blomstrane til Blome. Vi besøkte óg ein Hortensia-gård, min favorittblomst. Det bugna over av svære, nydelige blomster!

Sist, men ikkje minst møtte vi ho som designa bukettane for Blome.no. Her skulle eg få vere med å bestemme ei linje nummer to som snart skal lanserast og ut abonnentane. Så fra no av har di to fantastisk fine alternativ å velge mellom! Ein bukett som er “vill og vakker” med mange forskjellige blomster i, og ein som er litt “roligare” med færre typar blomster, men fyldig og flott! Sistnevnte er min favoritt- og den eg har vore med å bestemme. Eg har blant anna valgt ut fargekombinasjonar og type blomster i dei kommande bukettane.

Kanskje er dette ein gave du har lyst til å gi deg sjølv? Kanskje kjæresten din fortjener det? Eller foreldrene dine? Eg syns iallfall dette er ein glede i kvardagen.

Sjekk ut BLOME.NO 🙂

Også må eg sei til slutt at navnet BLOME kunne ikkje passa meg bedre.

2 thoughts on “Blomster levert heim på døra!”

Leave a Reply to Tone Damli Cancel Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.