Annonse

Er det berre meg som sliter med å stå opp i desse tider? Eg har på fleire vekkerklokker kvar dag, men av eine eller anna grunn snike fingrane mine seg forsiktig bort til mobile og skrur av. Ikkje på slumre, men på AV! Så da ender vi opp med eit jag og kav da, alle litt morgongretne og sure i nebbet (iallfall eg…). I dag leverte eg i barnehagen uten å ha pussa tennene, bustete hår og joggedress. Rimelig lekker! Eg er ofte to ulike personar når eg leverar og hentar.

Heldigvis kunne eg reise heim å ta morgenstellet i fred og ro etterpå. Kjenner at kroppen er i ein “kritisk” fase på denne tiden av året. Tørr, bleik, litt småkvisete… Så no har eg akkurat skrubba kroppen klar for å ta sjølvbruning i kveld, barbert leggar, kura håret og tatt ansiktsmaske. Rart kor godt slike småting kan følast, men det gjer utgangspunktet litt bedre av og til. Eit lite skippartak i ny og ne.

På desse bildene ser eg verken kvisete, bleik eller tørr ut i huden. Hjelpe godt å ha AG og Henrikke som fiksa sminke og hår, Line som styla og ikkje minst superfotograf Truls bak kamera. Dette er som noken har fått med seg kampanjebilder for Colmar. Eit merke som eg virkelig digga! Desse jakkana har eg brukt i mange år før eg begynte å reklamere for dei, så for meg kunne ikkje samarbeidet passa bedre. Så mange fine modellar og nydelige fargar. Berre vent, dette er berre ein liten smakebit på det som kjem framover! Den gule har blitt ein favoritt i høst! Den blå kåpa er ein klassikar som alltid funkar, sesong etter sesong.

Eg har så mange prosjekt på gang om dagen at eg virkelig må holde tunga rett i munn. Eg må rett og slett ta ein dag av gangen. På kveldane før eg lukka augene må eg gå gjennom morgondagen, gjerne skrive lister, ellers kan det lett skli ut og ikkje minst kan eg kjenne på ein svimmelheit av å ikkje ha full kontroll. Eg likar å ha kontroll, må ha kontroll.

Egentlig burde eg vore ute av døra allerede, men eg merka at det var viktig for meg å skrive litt her no. Det blir dessverre litt for lenge mellom kvar gang, men det er rett og slett mangel på tid. Skal prøve å oppdatere meir framover, og ta dikka med på det som skjer i livet mitt. Er det noke di lurer på, noke di vil at eg skal skrive meir om?Har iallfall tenkt å skrive eit innlegg om hudprogrammet mitt i nærmaste framtid.

Ha ein nydelig onsdag, fine lesarar.

I LOVE YOU!

4 thoughts on “Hei, og takk for sist!”

  1. Hei.
    Trur det er mange som er spente på korleis det går med husprosjektet dykkar. Det hadde vore kjekt å få ein kikk, dersom det er litt som skjer på den fronten for tida, altså.

Leave a Reply to Thea Cancel Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.