Annonse

Som kanskje noken allerede har fått med seg er eg den nye ambassadøren til Vero Moda, og eg er grisestolt. For ei stund sidan hadde eg ein utrulig kjekk fotoshoot med Truls Qvale bak kamera (ein av dei flinkaste, spør du meg),  og noken av desse bildene av den nyaste kolleksjonen til Vero Moda er no ute.

På torsdag, 12.oktober, er kolleksjonen tilgjengelig i butikk- og i den forbindelse invitera eg og Vero Moda til 30 års jubilieum på Oslo City fra kl 17-18. Det vil vere gode tilbud heile helga, 12-14.oktober, i alle butikkane.

Kleda har eg ikkje designa, men plukka ut og satt sammen mine favorittar. Det er berre til å glede seg, for her er det mykje fint- både til kvardag og fest. Julebordsesongen er tross alt rett rundt svingen. Eg har eit par favorittar som eg gledar meg til å bruke, blant anna ein rød velurkjole og ein svart dress som er heilt rå.

Eg har sidan eg var liten hatt eit nært forhold til Vero Moda da dette var ein av svært få butikkar i Sogndal på den tiden. Det var strengt tatt berre der og ein plass til eg handla- så heilt sidan tenåra har eg vore ei “Vero Moda-jente”.

Håpar å sjå mange på Oslo City på torsdag, der vi óg delar ut giftbags. Eg gledar meg masse!! 🙂

Tone

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.