Eg har blitt litt solbrent på nasen og har fått bøttevis med energi etter ei veke med nydelige venner og familie. Det kjekkaste med å ha hytte heime i Sogndal er at eg får møtt gamle venner som eg ellers ikkje ser eller pratar så mykje med. Men dei gamle vennene vil alltid vere der og kjemien er akkurat slik den var for 15 år sidan. Det er så fint. Eg elskar å sitte å mimre og snakke om ting vi opplevde i barndommen. Mange av oss har fått både mann og barn etterkvart, men når vi møtes blir vi litt fjortisar igjen. Kor digg er ikkje det i ein alder av 31 år?!

Vi har stått på ski, sleika sol på terrassen og blasta “Raske Briller” på anlegget. Det har ikkje vore stille her eit sekund. På ein positiv måte altså. Så no får vi snart komme oss heime å kvile. Er det ikkje slik, at ein egentlig treng ferie etter ferien? Eg føler det iallfall slik.

Men slik blir det slett ikkje, og det er heilt i orden! Eg skal køyre på fra tirsdag med masse gøy. På onsdag skal eg ha ein spennande fotoshoot og resten av veka skal gå til arbeid med musikk. Også har eg ein bursdag å planlegge, for om akkurat ei veke blir Billie 5 år, og ho har store planar om både det eine og andre. Slik ei bursdagsjente som eg sjølv er skjønnar eg godt gleden ho har i kroppen. Tenk at dattera mi snart er 5 år… Det er ganske vilt. Snart er ho skulejente… 


Denne legendariske dressen har eg arva av svigermor! Kor fet er ikkje den?! Ola, Markus og meg syns det er rimelig morro å dra påskeoutfiten eit hakk videre. 


Takk for ein nydelig påske, Sogndal! Eg elskar denne plassen og eg elskar påske.

1 thought on “Min nydelige påske!”

Leave a Reply to Stina Cancel Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.