Oh my God! Gran Canaria nærma seg med stormskritt. På lørdag skal eg lene meg godt tilbake i flysetet og kjenne på alle følelsane rundt det eg skal gjere den neste tiden. Eg får stadig spørsmål om eg e nervøs for å bli programledar, da er svaret nei. Enn så lenge har eg ingen nerver, men det er kanskje fordi eg ikkje heilt veit ke eg skal vere nervøs for. Eg har jo aldri gjort dette før! 😀
Eg har riktig nok forberedt meg godt. Den siste tiden har eg drive med programledartrening, og det har vore ekstremt lærerikt. Ikkje det at eg trudde det skulle vere piece of cake å tre inn ein slik rolle, men at det var så mykje å sette seg inn i og hugse på- det ante eg ikkje. Alt i fra kroppsholdning, korleis tre inn og ut av bilde, stemmebruk, tempo å snakke i- og temposkifte i tekst, analyse av tekst, intervju-oppbygging… Ja, you get it. Det er MYKJE greier! Eg tenker likevel slik; eg tar med meg så mykje kunnskap som mulig ned til Gran Canaria, så får vegen bli til mens eg går. Eg vil tru dei første sendingane vil vere fulle av spenning og nerver, men at eg kjem inn i tralten etterkvart. Uansett, eg gledar meg SÅ masse! 🙂
Det har vore noken hektiske veker etter sommarferien. Dette fordi eg har vore nødt til få unna alt før eg reiser, skal jo vere vekke i nesten to månader. Fotoshootar, studio med ny låt, Allsang på Grensen, konsert på Os, København og Fashion Week, møter og mykje meir. Eg har vore nødt til å ta ein dag av gangen, ellers hadde eg lagt meg med harehjerte kvar einaste kveld. Det kokar litt, kan du sei. No begynnar snart pakkeprosessen. Eg blir kvalm berre eg tenker på det. HATAR å pakke- og korleis skal ein pakke til ein så lang periode i Spania?! Eg trur eg må få søster til å komme og hjelpe meg. Her er eg skikkelig dårlig… Må jo pakke til Billie i tillegg.
Ser fram til lørdag når eg er på veg til Gardermoen og ALT er klart! For det blir jo det til slutt!
Foto: Anton Soggiu
2 thoughts on “No nærma det seg!”
Du kler nok helt sikkert programleder-rollen, Tone!
Hadde passet perfekt som programleder for “Skal vi danse” eller “Jakten på kjærligheten” også 😘
Masse lykke til!
Tusen takk 🙂