Smiler fra øyre til øyre!

Reklame

 Det har vore ei hektisk siste veke som kroppen har fått kjenne litt på. Forrige torsdag satte eg meg på flyet heim til Norge. Eg fekk drøye 12 timar i min eigen heim før eg farta videre til vestlandet og Sande i Sunnfjord for to konsertar fredag og lørdag. Kjemperart å snu fokuset til noke anna enn Love Island, men óg vanvittig kjekt og deilig!

Konsertane gjekk kjempebra, men søndag morgen våkna eg først opp i fosterstilling i hotellsenga før eg låg over doskåla i fleire timar. Knalloppladning før ei reise på over 14 timar tilbake til Las Palmas. Eg kom meg heldigvis gjennom dagen, og landa trygt søndag kveld.

Så var det tilbake til livet på Gran Canaria. 4 innspelingsveker er straks historie, og kun 2 veker att før finalen ventar. Det går så fort, og eg kosar meg kvar einaste dag på jobb! Før eg reiste hit ante eg ikkje korleis dette ville bli, men for meg har det- og er det ei fantastisk spennande og kjekk reise. Eg føler at eg lærer noke kvar dag på jobb, eg blir tryggare og tryggare og smiler fra øyre til øyre.

Dette er bilder fra “Hot Seat” som kjem på tv på fredag. Vi spelar inn denne seansen onsdag kveld slik at det skal bli nok tid å klippe det ferdig!

Verdens finaste Camilla Stenberg har sydd denne fantastiske kjolen til meg! Irene rocka den litt opp med “wet look” og mørk skygge på augene. 

Ikkje nok med Love Island. På fredag sleppe eg ny singel, “Seasick” som eg gledar meg heilt vanvittig til! Det skal bli så deilig å sleppe ny musikk igjen. Når eg kjem heim fra kjærlighetsøya blir det full fokus på musikken igjen, så i mine auger ser framtida riktig så fin ut! I morgo kjem link til den nye låta mi. Håpa du vil sjekke den ut der du måtte høyre på musikk.

Stay tuned!

2 thoughts on “Smiler fra øyre til øyre!”

Leave a Reply to Hege Cancel Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.