Sunn laksetaco på ein fredag!

Fredagstaco. Ein klassikar i dei tusen heimane rundt om. Personlig gir eg det terningkast 3. Det er heilt ok. Vi har det riktig nok titt og ofte da Markus er veldig fan og Billie har slengt seg på trenden. Viss eg får bestemme derimot, så vil eg ha ein “pure” taco, eg vil altså kjenne dei reine og sunne smakane, og eg byttar gjerne ut kjøttet med fisk.

 
 

Vi var i middagsselskap for noken helger sidan, og da fekk vi servert laksetaco. Eg falt pladask! Dette var ein perfekt selskapsrett, ganske grisete å ete, men i mine auger bidrog det til at stemningen rundt bordet blei uhøgtidelig, avslappande og gøy!

Eg har adoptert oppskriften til venninna mi, gjorde noken små forandringar da eg ville tilpasse retten slik at Billie på 5 år óg ville like den (mest at den ikkje blei for spicy). Og skal sei- heile familien digga denne retten, det blei så god! Kanskje dette kan vere ein inspirasjon og muligens eit lite opprør til den vanlige “norske tacoen”?!

Lakseblanding:

  • Laks i terningar (eg kjøpte ein stor laksefilet på ca 600 gr, det var meir enn nok til oss tre)
  • Saften av 1 lime
  • Sesamfrø
  • Koriander etter ønske

Mangosalat: 

  • 1 mango kutta i småbitar
  • Saften av 1 lime
  • 1/2 paprika kutta i småbitar
  • 1 granateple
  • masse koriander (kan sløyfast om ein ikkje er begeistra. Eg måtte begrense meg litt da Billie har ein tendens til å ville plukke ut det som er grønt)
  • Finhakka chili (denne kutta eg med tanke på Billie)

Guacomole slik eg likar den:

  • 2 avocado
  • saften av 1/2 lime
  • 1/2 chili
  • 1/2- 1 sjalottløk
  • maldonsalt
  • pepper

Eg likar å bruke stavmiksar, da blir ikkje dei ulike ingrediensane så framtredande.

Soyablanding:

  • 6 ss Soyasaus
  • 3 ss Hoisinsaus
  • 2 ss Sriracha
  • pepper

Spicy majones: 

  • Lettrømme
  • Ekte majones
  • Sriracha

Denne blandingen følte eg meg fram til, så her må ein berre smake til!

Dette er ein veldig lett rett å lage, ein må berre sette av litt tid til kutting!

GOD HELG! 🙂

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.