Ei langhelg i Tallinn er over, og eg kjenner på kroppen at det er heilt greit. Det er ganske “hardt” å vere på pokertur, ikkje fordi det er fest og hæla i taket, men fordi ein sitter veldig mange timar djupt konsentrert rundt filten. Meir slitsomt enn ein kanskje skulle tru, men veldig moro. Det blei ingen strålande plassering på meg, men slik er det berre. Eg kosa meg lell!

Byen Tallinn i seg sjølv syns eg ikkje var sånn alt for spennande, men gamlebyen var sjarmerande! Der fann vi ein superkoselig restaurant som låg i eit hus som minna om “Villa Villekulla”. More is more, slik var interiøret, og eg digga det. Maten var óg heilt strålande. Mor fekk seg ein Pad Thai (har så sjukt dilla på nudlar om dagen…)

Teksten fortsetter under bildene

No er det back to business. Det beste med å vere på tur er å komme heim. Spesielt sidan vi har vore vekke fra Billie i fire netter! Gjensynsgleden er den beste, og det er godt å kjenne på alle følelsane som ein gjerne tar litt for gitt i kvardagen.

TELL I TALLINN: “Tell” er eit poker-uttrykk for ein forandring i kordan ein spelar oppfører seg avhengig av kor sterk hånd han har. Det er ofte heilt ubevisst hos spelaren sjølv, og noko dei andre spelarane må prøve å gjenkjenne og utnytte.

5 thoughts on “Tell i Tallinn”

Leave a Reply to Tone Damli Cancel Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.