Akkurat no er eg på Sola på jobb. Den første helga av totalt tre eg skal tilbringe her. Eg gjorde tilsvarande arrangement i fjor i Bergen. Eg er med på eit julebordshow i lag med blant anna Stian Blipp og Stian Staysman Thorbjørnsen. Ein finfin gjeng på tur, god kok, kan du trygt sei.

Det fine med å vere på samma plass to dagar på rad er at ein faktisk får litt fritid, så i dag har eg vore med mi gode venninne Henrikke rundt i Stavanger. For ein herlig by det er, så fint, så herlig vibe. Det hjelper selvfølgelig på at sola skinner. Endelig. Det har vore så mørkt i det sist, så desse solstrålane har vore etterlengta og litt nødvendig. Kjenner at heile meg blir litt lettare.

No sitter eg på hotellrommet aleine. Det er 1,5 time til kveldens show starta. Eg er sminka og klar som eit egg. Skal berre varme opp stemma og tre inn i kveldens antrekk. Eg skal totalt synge 10 låtar fordelt utover i kvelden.

I morgo er det 1.desember og gledar meg til å komme i skikkelig julestemning. Facetima akkurat med ei lita ei heime som nok gledar seg enda meir. Ho har ikkje snakka om anna enn kalendar og jul dei siste to vekene. Markus og ho har vore å kjøpt juletre i dag, og i morgon når eg kjemme heim skal det pyntast. Eg har vokst opp med å pynte juletreet eit par dagar før jul, men sidan vi ikkje skal feire jul heime syns vi det er hyggelig å ha juletre fra 1.desember.

Billie og meg skal starte å lese julebok i morgonkveld, vi skal sjå på julebarn-tv, vi skal rett og slett “jule” oss så mykje vi berre klara. Eg hugsar sjølv kor mykje jula betydde for meg som liten, så eg skal prøve å gjere denne tiden så fin som mulig for ho. For oss alle tre!

God 1.desember alle sammen! : )

Foto: Magnus Westerlund 

1 thought on “1.desember og snart jul!”

Leave a Reply to Skogfruen Cancel Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.