I går var eg så heldig å få vere ein del av Melodi Grand Prix-showet. Ikkje som deltakar, men eg var med å synge for fine Tor Endresen som velfortjent fekk ein hyllest! Tenk at han har vore med på MGP 12 gonger, for ein sangar og artist han er!
Eg blei kjent med Tor på Hver Gang Vi Møtes i fjor. Da sang eg “Ingen Er Så Nydelig Som Du”, som er ein låt eg har blitt ekstremt glad i og gjort mykje i ettertid. Det var denne vi gjorde i går óg, Heidi Ruud Ellingsen, Christine Guldbrandsen og meg. Eg var i utgangspunktet ikkje nervøs, men da eg møtte Tor sitt blikk kjente eg at eg blei skjelven og litt rørt av at han blei rørt. Han er ein følsom mann, eg er ei følsom jente.




