God morgen fra sofaen på morgonkvisten. Det har vore lite oppdatering her i det siste, kanskje litt lite oppdatering generelt. Men det er jo noke med denne tiden, det er jo null og niks som skjer. Det er nesten slik at ein ikkje har noke å prate med folk om. Føler at ein kun snakkar om været, den kalde våren og korona. Er så piss lei av å snakke om pandemien, så det skal eg iallfall ikkje skrive meir om akkurat no.

Det eg kan nemne er at eg allerede er ferdig med mammaperm, tenk det. Litt vanskelig å forstå da eg føler at eg fødde forrige veke, men Marlon er allerede blitt 6 månadar. Føler meg så heldig som har desse to små i denne kjipe tiden. Dei held oss så til dei grader i gang, dagane finns ikkje kjedelige her. Han er i den fasen der han VIL, men får det ikkje til. Gutten har definitivt krutt i kroppen, meir enn eg kan hugse at Billie hadde da ho var baby. Ho var ganske bedagelig (det var ganske nice med bedagelig, hehe;)

Sjølv om eg er ferdig i mammapermisjon så er det ikkje slik at eg spretter ut i jobb igjen, for det er jo ingen jobb å komme tilbake til. Riktig nok har eg sosialemedier-biten, men reising og spelejobbar er det ingenting av. Ganske så trist og stusselig, men eg tenker at eg skal bruke litt tid i studio framover, kjenne på det å synge igjen- herregud eg savnar det.

Også har jo denne jenta akkurat hatt bursdag. 33 år! Eit tall eg syns er litt rart å relatere til (er jo pokker megen voksen), men samtidig så stemmer det veldig med der eg er i livet. I bunn og grunn er det berre eit tall på blokka. Eg skal alltid holde på “ung og lovande”, sjølv om den tid kanskje er litt fordi 😉 Men innstillingen er nogenlunde den samma.

Tusen takk for alle koselige bursdagsmeldingar forresten, blir ALDRI for gammal for at den slags er superstas!!

Lillegutt søv i vogna si as I write, så no er det berre til å utnytte tiden maks mens eg har den “aleine”. Ønsker alle ein fin dag, nyt våren og dei lyse dagane.

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.