Reklame

Wiiii!!! I dag er den nye låten min Strangers ute! Fy… så gira eg er. Augene for opp som rullegardiner kl 05 i dag, og da var det ingen veg tilbake. Som eit lite barn på julafta, klar for den store dagen.

Rett inn for å sjekke Spotify og New Music Friday, og mot alle mine forventningar låg bildet av meg på toppen! For ein glede. Takk Spotify!! Så no folkens, er Strangers tilgjengelig på alle musikktjenestar. Håpar di likar låten, og gledar meg til å høyre dikkas tilbakemelding. 

Låten er skriven og produsert av Jesper Borgen, Erik Smaaland og Kristoffer Tømmerbakke. Ein fryd å jobbe med alle sammen!

Strangers handla om eit kjærlighetsforhold der kvardagen er reel og kranglar og diskusjonar oppstår. Den vonde følelsen når ein våknar på morgonen etter ein krangel kvelden før. Den handlar om å prøve å hente fram igjen den nyforelska følelsen, da ein var ukjente for kvarandre, da ein gjorde det lille ekstra. Å vere litt fryktlause og barnslige.

Foto: Ole Martin Halvorsen

I kveld er eg gjest hos Senkveld på TV2 der eg i hovedsak skal synge den nye singelen min. Under intervjuet kom vi inn på eit tema eg vanligvis ikkje pratar så mykje om, nemlig media og deira makt til å påvirke, bygge opp eller rive ned prosjekt. Dette er noke eg har tenkt på lenge. Så på vegne av meg sjølv, og alle andre artistar som står på og jobbar der ute, følte eg at det var på tide å speak up. Eg vil gjerne utdjupe litt av det eg snakka om på Senkveld her på bloggen, da det ikkje er nok tid til å gå i detalj når ein sit i sofaen hos Thomas og Harald.

I dag er det 5 veker sidan eg slapp Pinnacle, og det har vore noken hektiske og spennande veker. Vi fekk ein fantastisk fin start på releasen, ein release eg hadde jobba lenge med og var veldig spent på. P3 B-lista låta før den var ute, vi fekk fronte Spotify sin New Music Friday Norway og låta gjekk rett inn på 26 plass på topplista. Alt låg an til å bli eit veldig bra singelslepp, og eg var så takknemlig og glad for mottakelsen eg fekk.

Samtidig som alt dette fine skjedde, begynte VG med det som føltes som ein kampanje for å sverte utgivelsen. Spesielt ein journalist var på meg og teamet mitt heile tiden. Og kvar dag i over ei veke kom det ut negative artiklar som inneholdt negativitet, spekulasjonar og drittkasting. Det heile toppa seg da det etter ei veke stod med store bokstavar på toppen av VG at låta mi hadde «FLOPPET». Da hadde den vore ute i sju dagar, og på eit så tidlig tidspunkt kan ein ikkje sei noke om ein låt har floppa eller ikkje. Det veit alle som jobbar med musikk. Til sammenligning hadde eg dei samme talla som mange andre norske artistar som slapp låt samme dag, og det er jo ikkje snakk om at dei har floppa- for det har dei ikkje.

Enda verre blei det dagen etter, under Spellemann, at VG køyrer ut ein artikkel med ein overskrift som seier at eg vil ha æren for Astrid S. Det er direkte manipulasjon av det som blir sagt, så når eg berre skryter av Astrid, og mimra tilbake til da eg såg ho på Idol-audition første gang, enda det opp med ein artikkel som seier at det er eg som står bak hennas suksess, DET provosera meg. Det gjekk så langt at avdelingssjefen i VG tok kontakt og beklaga ulike sakar. Det set eg pris på, men skaden har allerede skjedd. Media har masse makt, og ved konstant flyt av negativ informasjon vil det påvirke folk sin oppfatning av ein ting, sånn er det berre. Og det gjeld ikkje berre musikk, men generelt korleis dei vinkla sakene sine.

Etter 11 år i bransjen har eg blitt ganske hardhuda, og eg bryr meg lite om ke folk skriv om meg. Men når forutsetningane for eit vellykka plateslepp blir forandra fordi enkeltpersoner i media bestemmer seg for å sabotere har det gått for langt. Dei er gitt makt og tillit av sin arbeidsgivar, men med makt føl det også eit ansvar for å opptre ansvarlig. Saker som dette påvirka ikkje berre meg, men heile teamet mitt som står på og jobbar.

Det er så mange dyktige musikarar i Norge. Artistar som legg masse tid og krefter i å utvikle unike sound, nytenkande markedsstrategiar og bra musikk, og dei fortjenar at media tek totalproduktet på alvor. At dei tek artisten og låten på alvor. Å bruke makta si til å bryte ned for å oppnå kjappe klikk, blir for enkelt -og øydeleggande.  Kom gjerne med anmeldelser av låtar, så mange som muleg framover. Men gjer det skikkeleg, ikkje berre masse fjas som høyrer heime i nok ei sladresak. Skriv gjerne om produsentar, låtskrivarar, bransje og profilar. Det er masse spennande å formidla!

Eg meiner at vi må heie på kvarandre, ha fokus på dei positive tinga vi oppnår, og ikkje alltid pirke i dritten for å lage ein artikkel som kun er clickbait. Vi treng journalistar som skriv godt, levande og interessant om musikk, som om alle andre tema. Om dei MÅ ha ein eigen, destruktiv agenda når dei skriv – gjer det i ein blogg; Ikkje i Norges største avis.

Til slutt vil eg takke for alle meldingar og support eg har fått av andre artistar, folk og venner. Det er godt å vite at andre óg reagerar på mediestormen, og blir like provosert som meg <3

Foto: Helene Kjærgaard (@helene_kjaergaard)

Reklame

Pinnacle er endelig ute. Eg er så spent, innimellom skjelve eg litt, eg har til og med fått kramper i mellomgolvet. I dag er den ute, min første singel på veldig, veldig lenge. Veldig morro at den har gått rett inn på B-lista på P3.

Eg har eg hatt behov for ein pause, ikkje minst for å forske på korleis retning eg ville gå. Eg har funne ut av det, og er så forelska i det nye soundet. Det er anleis, og anleis føles så sjukt godt og riktig.

Eg har vore i Warsawa å spelt inn musikkvideo, regisert av fantastiske Mats Udd og skriven av herlige Kid Joki.

Tiden framover blir spennande, dette ÅRET blir spennande. Eg har mange musikkplanar for 2017, og gledar meg til å dele med dikka.

Håpar det fell i smak, og at di vil bli med meg på eit nytt musikkeventyr.