Annonse

HURRA!! Endelig er strikkekolleksjonen min med Skappel ut og eg er megastolt!!

Eg er veldig glad i heimestrikk. Dette er noke eg har vokst opp med. Mamma strikka mykje til meg og Tale da vi var små og Besta holdt oss alltid med sokkar. No er eg heldig som har fleire strikkekyndige rundt meg, og sjølv er godt på veg til å bli sånn nogenlunde flink. Eg syns iallfall at det er veldig kjekt, og eg kosa meg med det. Eg har óg to tanter, ei svigermor og ei bonussvigermor som med glede stikkar til ungane, meg og Markus. Heldige er vi, og i mine auge er dette dei finaste klea, kle som er gode, varme, fine og ikkje minst at dei går i arv. Det syns eg er ein fint ting. Seinast forrige veke sendte eg med søskenbarnet mitt ein nydelig rosa strikkegenser som tanta mi strikka til Billie, no går den videre i familien. Det syns eg er hyggelig. 

Pappa, mamma, Billie, Markus og meg. Familien samla på fotoshoot.
Gensaren og skjørtet Billie har på seg heiter sjølvsagt “Billie” og den eg har på heiter “Tone“.

I august i fjor hadde vi shoot i Sogndal. Pappa og tanta mi driver planteskule der, så eg ville ta bildene ein plass der eg følte eg høyrte heime. Derfor reiste vi ut Slinde der det er masse frukt-tre og ein liten vingård. Det er så ekstremt vakkert der. Sånn postkort-vakkert. Billie var med og Marlon i magen min. Eg må sei at det er ein av dei finaste og mest personlige fotoshootane eg har hatt noken gang. Alle mine nærmaste samla på ein plass som ligger hjertet mitt nært. Bilder og minner eg vil ha for resten av livet.

Eg elskar denne kolleksjonen. Billie syns det er så kjekt å matche med både meg og Marlon, uten at vi er heilt like riktig nok. Alle plagga har sin eigen lille twist. Fargar som går igjen i dei ulike plagga, men med ulikt design. Mange av dei like fine på jente som på gutt.

Venen

Kanskje du har lyst å strikke ein av plagga i kolleksjonen? Du finner heile kolleksjonen her. Strikkesetta blir óg solgt i utvalgte garnbutikkar i heile Norge. Oversikt over alle Skappel-forhandlarar finner du her.

Gensaren eg har på meg heiter “Gjertrud“, oppkalla etter mi fine Besta som nyleg gjekk vekk. Billie sin heiter “Summerred“, min favoritt eplesort.
Sjå så fint det er på Slinde. Eit lite paradis.
Vetlegull og meg blant vindruer. Gensaren Billie har på heiter “Aaberge” og min heiter “Ester”, oppkalla etter den eine tanta mi.
Denne nydelige gensaren heiter “Tale“, oppkalla etter søster.
Eit superfint sett til baby som sjølvsagt heiter “Marlon“.
Elska denne som eg har kalla for “Hilde“, oppkalla etter mamma.

Annonse

Denne våren er ikkje heilt til å stole på, viser det seg. Fra 20 grader og ned til vintertemperatur igjen. Ganske frustrarande, men vi nordmenn skal vel vere vant til slikt? Eg venner meg aldri til det egentlig… Eg vil ha sol og varme, ikkje vind og kulde.

Da er det fint å ha ein boblejakke på lur. Slik som desse fra Colmar. Lett dun som passar perfekt no, men óg utover sommaren. Denne med hette er så fin, og er i butikk no i tre ulike fargar. Kvit, beige og orange. Eg klarar ikkje heilt å velge ein favoritt, for eg syns alle er så fine. Den kvite er lekker og klassisk, den beige passar til det meste, mens den orange er så fresh… Kem syns du er finast?  

Neste veke køyrer eg konkurranse på Instagram der du kan vinne ein jakke fra Colmar! Stay tuned.

Reklame

Eg er glad i god hudhelse og opptatt av å ta vare på huden min.
Dei siste 7 månadene har eg fått hjelp med huden min av Silje Gundersen på Beth´s Medispa. Ho er kosmetisk sjukepleiar og er spesialist på hud.

Min favorittbehandling er Medisinsk Dermapen kombinert med Mesoterapi.
Behandlingen gir huden min bedre fukt, held pigmentet i sjakk og gir huden glød.

Korleis fungerar behandlingen?
Behandlingen startar med ein god rens av huden, sminke fjernast og ho spritar huden heilt rein før ho setter i gang med Mesoterapi. Det er mange små nålestikk av vitaminer, antioksidanter, hudoppstrammande, beskyttande og fuktigheitsgivande ingrediensar som settes ned i huden. Det gir meg fukt, glød og ein sunn og fresh hud. 

Deretter startar vi med Dermapen. Det er ikkje noken såkalla spa- treatment, det er rett og slett ganske ubehagelig når nålene pulserar ned i huden. Heldigvis går dette veldig fort, og vi er ferdige på noken minuttar 🙂 THANK GOD. 
Dermapenen gir ein kontrollert traume til huden, og triggar huden sin eigen kollagenproduksjon. 

Til slutt avsluttar vi med ei avkjølande maske og Bio LED lys for optimalt opptak av dei aktive ingrediensane.

Etter behandling kan ein bli litt rød i huden, men det går over samme dag. Altså, kan vere lurt å legge denne behandlingen til ein dag der du ikkje skal så masse. Etter eit par dagar glødar huden! Ein fantastisk følelse, og det funkar virkelig.  

Dette innlegget er skrive i samarbeid med Silje og Beth´s Medispa. Ønsker du å lese meir om behandlingane eller har spørsmål til Silje:

https://siljegundersen.no/

Annonse

Ut på nye eventyr, og denne gangen i sammarbeid med Colmar Originals. Eit merke som eg er ekstremt glad i og har brukt i mange år. Dei er kanskje mest kjent for den lette dunjakka som kjem i mange ulike fargar, superfine og ikkje minst veldig gode. Dei har ulike modellar både med og uten hette. Her finns det noke for ein kvar smak.

Colmar-jakken har eg med meg over alt på sommaren. Den perfekte jakken på seine sommarkveldar og så tar den liten plass i veska eller kofferten. Personlig er eg veldig fan av fargar, så denne rosa er ein soleklar favoritt hos meg.

Eg gledar meg til sammarbeidet med Colmar! 

Foto: Truls Qvale 

Annonse

I morgon lanserast enda fleire vårfavorittar fra Vero Moda. Er det ikkje deilig å tenke på at ein snart kan legge boblejakka på boden og traske rundt i tynnare plagg?! Eg har forsåvidt gjort det ei veke allerede, sjølv om det fortsatt er litt kjølig i lufta.

Denne kolleksjonen fra Vero Moda er så fin, og eg er atter ein gang veldig stolt over å vere deira ambassadør. Nedanfor kan du sjå kampanjebildene og mine tankar og rundt dei ulike plagga.

Dette antrekket vil eg sei er veldig meg. Det er enkelt og sommarleg. Eg får aldri nok av blondeblusar, og denne er rett og slett superfin

Gi meg sett! Eg diggar det, og har mykje av det i klesskapet. Dette kord-settet er knallfint. Kjem óg i gul og kvit/krem.

Denne jakka er så cool! Kan brukast som ein tynn vårjakke, eller rett og slett berre som ein overdel slik som her på bildet. Kjem i lysblå og kvit. Shortsen er óg dødskul, boyfriend-variant. 

Denne kjolen er så fiiiiin. Elskar blåfargen! Denne kan brukast til alt fra bryllup, sommarfestar, på stranda med Havaianas eller på jobb med for eksempel Converse.

Eg trur ikkje eg har hatt på meg ein grønn kjole sidan Idol-finalen i 2005, og skal ærlig innrømme at den i sin tid ikkje var den finaste. Denne derimot, har gjort at eg har fått augene opp for grønn igjen. Den er råfin! 

Enda ein nydelig sommarkjole! Denne er fantastisk behagelig å ha på da den har strikk i livet. Eg har ikkje så mykje i denne fargen fra før, så den sprita absolutt opp mitt klesskap. Det er gøy å teste ut nye fargar, og denne skal virkelig få køyrt seg framover.

Denne skjortekjolen er kanskje den eg diggar mest fra denne kolleksjonen. Eg hadde på meg den på lørdag da eg besøkte Vero Moda på Torvbyen i Fredrikstad. Da styla eg den med jeans under og boots. Eg gledar meg dog til å kun ha bare bein som her på bildet. Denne kan ein style opp og ned slik ein måtte ønske. Kjem til å leve i denne framover!

På Costume.no kan du lese 4 kjappe spørsmål med med meg om sammarbeidet med Vero Moda og den nye kolleksjonen. 

FOTO: Renate Torseth

Annonse

Det er så deilig at vi går ein lysare tid i møte. Sjølv om det fortsatt er vinter og snø, så   er det godt å vere i gang med Februar. Det er da ikkje så lenge til våren er her… Eg skal i desse dagar fronte Vero Moda sin vårkolleksjon. Første dropp er i butikk allerede 12. februar! Det skal bli så vanvittig digg å kle seg i vårkle snart, og ingenting er så inspirerande som å fylle garderoben med noken nye skattar. Eg diggar denne kolleksjonen, elskar fargepaletten og bildene som har eit solkyssa preg. Gi meg sol og glød, så er eg happy!

Eg gler meg skikkelig til lansering, og i den forbindelse kjem eg til Bergen førstkommende lørdag på Torgallmenningen kl 11:00! Håpar å sjå mange shoppeglade jenter (og gutar for så vidt). Det blir mange gode tilbud og god kok, så vær tidlig ute!

Nedanfor ser di eit utvalg av kolleksjonen som snart blir slept. og mine tankar rundt plagga. Kom gjerne med kommentarar eller spørsmål! 

Eit heiltkvitt antrekk er aldri feil, og denne jakken i kordfløyel er bankers! 

My kind of dress! Fargekomboen er nydelig, blomsterprint og sløyfe i halsen. Eg har ein greie for sløyfer. Ikkje for kort, ikkje for lang. 

DENNE KJOLEN! Fargen er magisk, og denne kan ein dresse opp og ned som ein vil. Party eller kvardag. Her kan ein kneppe opp både oppe og nede for ein meir sexy look. Og superfin med jeans under! Ein av mine favorittar! 

Påkledd, men litt pynta. Tynn strikk og eit maxiskjørt som funkar til meste. Skjørtet har knyting i livet, som gjer at sitter akkurat der du vil! Styla med røffe støvlettar i dyreprint. I like it! 

Denne komboen kan eg takke Margrethe Gilboe for! Det er vågalt å køyre dyreprint både på kjole og sko, men herregud som eg diggar det. 

Foto: Renate Torseth/ Pudder Agency // Hår & Makeup: AG Starheim og Henrikke Rosland