Reklame

Da eg var rundt 15 år fekk eg mi første bølgetang, og eg brukte den flittig. 13 år seinare har eg fått augene opp for den igjen, og eg elskar bølgene og strukturen den gir. Det skal vere tilfeldig, men likevel nøye planlagt.

I går stussa AG tuppane mine, det gjer vi ca kvar 6. veke. I samma slengen testa vi denne fantastiske bølgetanga fra “hh simonsen”. Den er superlett å bruke, og bølgene skal helst ikkje vere perfekte. AG brukar varmebeskyttande produkt i håret mitt fra Oribe før ho fønar det tørt (foundation mist og maximista). Det er ikkje til å stikke under ein stol at håret kan ta skade av for heftig bruk av varmetenger. Mitt hår får til tider gjennomgå.

teksten fortsetter under bildene

Så brukte ho “Anti Humidity Spray” før bruk av tanga. Bølgetanga treng ikkje vere veldig lenge på kvart punkt. “Klapp” lett og beveg nedover. Her må ein egentlig berre føle seg litt fram.

Etter bølgene har avkjølt seg spraya ho “Flash Form Finishing Spray” fra Oribe som gir litt hold samtidig som den gjer håret litt “trått”. Rufs til!! Her er det lov å ta så mykje ein måtte orke i håret, det blir berre finare og finare. Håret mitt er ganske glatt uten produkt i, så eg likar å peise på. Alle produkta får du kjøpt på den beste salongen; VAAR!

Desse bølgene får meg til å tenke på ein ung Britney Spears og Christina Aguilera. Eg hugsar fortsatt kor fine dei var! Og kor artig er det ikkje å dra fram gamle trender?! Eg elskar det! GO WAVES! 

//innlegget er merka med reklame da eg skriv om behandling som er sponsa, samt nevner produkta vi brukar//

Reklame

I dag lanserast “del 2” av kolleksjonen som eg frontar for Vero Moda! Eg har som vanlig plukka mine favorittar, og det er så masse fint! Boblejakke, vinterkåpe, strikk, party outfits og mykje meir!

Eg kom akkurat heim fra ein herlig tur til Ålesund der vi hadde pre-shopping på Moa Senteret i går. Salget gjekk over all forventning, og mykje blei reve vekk på 1-2-3. Den eine toppen blei utsolgt på 4 minutt! Her må ein vere kjapt ute for å sikre seg godbitane.

Det er så gøy å møte folk der ute, og ikkje minst sjå dei gå i plagga som eg har plukka ut. Det gjer meg veldig glad! Håpar di likar kolleksjonen!

Love from proud Vero-girl.

I går var det Halloween både for store og små. Eg har ikkje hatt til vane å gjere noke ut av Halloween, men når Alexandra Joner og Runar Vatne drar i gang tidenes fest på  Bølgen & Moi, så må ein jo kline til.

Markus og meg syns det er like å kjekt og kle oss ut begge to, og vi syns det er gøy å planlegge. I år bestemte vi oss for å ta utgangspunkt i “Pirates of the Caribbean” og karakteren “Jack Sparrow”.  Vi tok turen til Kostymelageret på Jar der dei har eit sinnsjukt utvalg av det aller meste. Vi fekk fantastisk hjelp da vi var der, og var strålande fornøgde med kostymene vi endte opp med. Hakket meir komfortabelt enn i fjor da vi holdt på å sveitte oss ihjel i lateks (sjølv om det var jækla kult da).

AG var ikkje heime denne gangen, så da var vi så heldige å få sminke av fantastiske Tale Rypdal Eide. Tale elskar Halloween-sminke, og er virkelig god på det. Når det kjemme til å pirat-sminke, så er det kanskje litt begrensa ke ein kan finne på, men eg syns ho var kreativ og det blei superkult! Ho gjorde óg sminken til Hedda og Lene Orvik. 

Festen var fantastisk, og folk hadde virkelig tatt utkledningen på alvor! Så gøy når folk faktisk legg litt i det. Skal det vere, så skal det vere! Tusen takk for tidenes Halloween-fest, Alex og Runar! Gledar meg allerede til neste år- for dette MÅ bli tradisjon! 

Foto: Magnus Westerlund

Reklame

 Aller først; tusen takk for alle fine tilbakemeldingar etter premieren på Love Island forrige søndag. Eg kjente det virkelig på kroppen timane før programmet skulle starte, og kjente ein enorm lettelse etterpå. Og for noken fine tall vi hadde etter første sending! Det er veldig gøy. Eg kan love mange overraskelsar i tiden som kjemme. Har di forresten hugsa å laste ned appen der di kan vere med og påvirke programmet?

Premierenervene er ute av systemet og kan fortsette fokuset på dei kommande sendingane. I dag køyrer eg noke vi har kalla for “hot seat” med deltakarane. Det går ut på at deltakarane har stil kvarandre anonyme spørsmål, og ikkje minst har sjåarane sendt inn spørsmål dei lurer på. Her skal det grillast!

Eg merkar allerede at deltakarane har begynt å bli varme i trøya. Dei er har blitt godt kjent på kort tid, og klarar meir og meir og vere seg sjølv. Ein skal ikkje gløyme at det er heftig å ha så mange kamera rundt seg 24 timar i døgnet, og at ein da lett kan bli litt reservert. Det ser ut som dei begynnar å bli komfortable, og det er digg for dei og for di som ser på. No begynnar det virkelig å bli morro!

Ekstra kjekt er at det faktisk har oppstått litt L.O.V.E i gruppa- og det er jo tross alt derfor dei alle er der! Eg KOSAR meg som programledar. 


Sjekk den fine fletta Irene laga på meg. Ho er altså så steikandes flink på hår, og ein mester i fletting. I morgo reiser Irene heim, men da kjemme AG og Henrikke ned. Eg er så heldig å få jobbe med så flinke folk!

Følg med videre på Love Island, kvar dag kl 21:30 på TV3, Viaplay og Viafree

 Første dag på sett er unnagjort, og det føles veldig bra! Det var ein ganske lang dag i går, ikkje minst ein ekstremt varm dag. Å sitte i finstasen med full sminke i over 30 grader er beinhardt. Ganske klamt under all staffasjen, kan du sei.

Men så innmari kjekt det var, og spennande. Eg har jo som nemnt ikkje vore særlig nervøs før dette, men i det eg skulle ta i mot deltakarane i går kjente eg at pulsen steig! Egentlig ein ganske digg følelse, litt nerver er alltid bra.


No sitter eg klar med nyrensa hud og blautt hår, klar for enda ein dag i sminkestolen til Irene. Irene og AG skal bytte på å vere her nede. Så glad for å ha desse jentene med på laget, dei flinkaste av dei flinke, spør du meg!


Billie storkosar seg i Spania. Leggerutinene har sklidd litt ut, men ho søve lenge om morgonane og slik får det berre vere. Eg syns tiden vi har i lag etter jobb er ekstremt verdifull, så da får det berre bli slik. Når Markus reise heim i morgo blir det nok ikkje så mykje restaurantliv på kveldstid, så da får vi prøve å vende tilbake til rutinene.

God helg til alle! 🙂

 No sitter eg nydusja og klar for å bli henta og transportert til villaen der vi skal ha første innspelingsdag av Love Island. Eg er veldig spent på å møte deltakarane, spent på deiras reaksjonar og ikkje minst mine eigne. Dette blir min første dag på jobb som programledar! Og slik blir dei neste 6 vekene, for ei reise dette blir! 

Ellers så kosar vi oss i Las Palmas. Eg begynnar å bli kjent i området der eg bur, og eg likar det bedre og bedre. Markus reiser heim på søndag, noke eg gruar meg til. Prøver å nyte kvart sekund av tiden vi har i lag her.

I går var vi på ein veldig hyggelig restaurant som heite Manso som ligg på ein takterrasse i gamlebyen her vi bur. Deilig mat og fantastisk atmosfære. Eg ser at noken har lagt igjen GranCa-tips i kommentarfeltet- tusen takk, eg tek i mot så mange tips som mulig 🙂  

Da er bilen min utanfor! Ønsker alle ein strålande dag.

Tone