TREKK PUSTEN OG TELL TIL TI

Eg veit ikkje heilt kor mange dagar vi har hatt heime no, men det begynnar å føles ut som at dette er det normale, at det er slik kvardagen skal vere. Det er det definitivt ikkje, men ein venner seg til det aller meste. Ein venner seg til sitt eige selskap, å konstant gå og rydde etter ho vetle som rotar. Apropos det. Eg held på å bli gal av rot. I det eg ryddar det eine rommet som nettopp har blitt bomba, er rotingen i full sving i eit nytt rom. Never ending story! Kanskje ein berre burde la det vere rotete?! Men da blir det rot innvendig hos meg. Det er faktisk verre.

Også er det kjøkkentjeneste “heile tiden”. I det ein er ferdig med oppvasken etter det eine måltider er neste måltid i gang. Uvant at heile familien skal ete alle måltida heime, det blir mykje mat og mykje oppvask. Det er ikkje alle måltid som blir laga fra bunn, for å sei det slik. Litt halvfabrikat får vere greit i denne tiden. Kødda ikkje med tomatsuppen til TORO.

Kanskje virkas eg litt negativ og destruktiv akkurat no, men eg føler det må vere lov å kjenne litt óg. Alt i alt går ting veldig bra, men at ein blir litt kokko av å gå oppå kvarandre 24/7, det skal vere sikkert. Til vanlig er lunta mi ganske så lang, men den har blitt kortare desse vekene. Ein får prøve å trekke pusten djupt og telle til ti. Det brukar å hjelpe.

2 thoughts on “TREKK PUSTEN OG TELL TIL TI”

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.