Kjøp blomster, ikkje toalettpapir!

Reklame

Det er ein vanskelig tid for mange bedrifter, mange sliter kraftig og noken kjem truleg ikkje til å klare seg gjennom denne perioden. Vi veit jo heller ikkje kor lenge dette vil vedvare. Det einaste som er sikkert er at vi må støtte norsk næring, kjøpe lokale varer og bidra til at flest mulig klarar seg.

På mi side kan eg nevne kulturbransjen som er inne i ei ekstremt krevande tid. Turnear er kansellert og musikarar står uten jobbar. Det er derfor ekstremt fint å sjå konsertar som blir streama over nett og som får inn store bidrag fra publikum der ute via Vipps. Iallfall såpass at ein kan puste ut i ei lita stund. Musikkbransjen er jo i utgangspunktet uforutsigbar og i få tilfeller lukrativ. Viss ein skal prøve å tenke positivt, så får vi prøve og bli enda bedre på det vi driver med. Øve masse og lage musikk heime i stova vår. Eg vil absolutt tru at det bli laga masse fin musikk i denne tiden som på eit eller anna tidspunkt får sjå dagens lys og kanskje blir streama herfra til evigheten. Ja, for ein må prøve å tenke positivt i dette kaoset av ein tid!

Ein anna bransje eg brenn for og er involvert i er blomsterbransjen. Eg har ein pappa som er gartnar, ein svigerfar og svoger som produserar tulipanar i Vollen. Alle kjenner på tiden vi er inne i no. Forhåpentligvis vil folk fortsatt ha blomster på bordet, og kanskje folk har enda meir tid og lyst til å jobbe i hagen sin utover våren og sommaren. Kanskje til og med sommarferien blir heime i år viss vi ikkje får reist noken plass? Eg gledar meg i iallfall til å finne fram spaden, lage urtekassar og plante fine vårblomster ute. Det er ein skikkelig god følelse! I tillegg får ein brukt kroppen i frisk luft. Vinn, vinn.

 

Pappa og meg (5 år). 

 

Min oppfordring; kjøpt blomster, ikkje toalettpapir- og støtt din lokale blomsterforhandlar. Denne buketten er fra Blomsteroasen på Stabekk, butikken til tanta til Markus. Ein av dei finaste blomsterbutikkane eg veit om. Viss du vil ha blomster levert heim på døra kan du sjekke ut Blome.no (eigenreklame). Kanskje din lokale forhandlar levarar heim óg? Og hugs; ein blir GLAD av blomster, og akkurat no treng vi all den gleden vi kan få.

Ta vare på kvarandre og vis kjærlighet- på avstand. 

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.