For ei veke sidan logga eg meg av Instagram, eg trengte ein ferie fra heile greia. Eg visste ikkje om det kom til å vare ein time, ein dag, ei veke eller lenger. Eg bestemte meg etterkvart for ei veke- i første omgang. Ikkje så lenge kan sikkert noken tenke, men eg skal love deg at det har vibrert i tommelen. Instagram kan lett bli ein avhengighet. Eg kjente at hove mitt trengte ein pause!

 

Instagram er ein del av jobben min, slik har det altså blitt. På mange måtar likar eg denne biten, men det er ikkje til å stikke under ein stol at eg kjenner på insta-presset. Innimellom kan kanalen gjere meg litt småsprø.

Det er forventningar, glorifisering, likes og press. Ei solseng der, ein drink her, den harde treningsøkta, den nye veska, girls night out… You name it. Og eg er med på denne trenden, så til dei grader, men av og til trur eg det er lurt å detoxe litt. Koble av, kun tenke på det som er viktig her i livet, og bli inspirert av kvardagen der og da.

teksten fortsetter under bilde

Eg har ei datter på 5 år som observerar mykje, meir og meir for kvar dag som går. Det er no eg må passe meg. Eg vil ikkje vere ho mammaen som sitter med ansiktet gravd ned i ein liten skjerm, for opptatt til å vere mamma. Eg seier ikkje med dette at ein er ei dårlig mor sjølv om ein sit med telefonen av og til, men det handlar om å vere bevisst.

Eg har ein liten plan for tiden framover. I timane eg er med Billie skal eg logge av Instagram og legge telefonen vekk. Da skal eg heller ligge på golvet med ho å perle, pusle, tegne eller andre ting som ho måtte ønske. Det trur eg er ein god investering. For oss begge. Så kan eg heller bruke ein halvtime når eg er aleine på å komme meg à jour. Viss det er eit mål i seg sjølv…

Heilt ærlig, det har vore SÅ DIGG å vere logga av. Eg kan virkelig anbefale det. Ingen press, ingen stress! Eg skal selvfølgelig fortsette kontoen min, og eg gledar meg til å dele fra livet mitt videre, men denne veka har vore litt til ettertanke, rett og slett. 

2 thoughts on “Ein pause fra Instagram”

Leave a Reply to Tone Damli Cancel Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.