Eg har levd i eit eventyr. Eg har hatt det så fint. Hver Gang Vi Møtes lissom, eg ante ikkje. Ante virkelig ikkje kor fantastisk dette skulle bli.

Da eg ankom for 1o dagar sidan var eg spent og nervøs. Skikkelig. Nervøsiteten skulle vise seg å vere fullstenig unødvendig, for ein finare gjeng skal du leite lenge etter. Så utrulig trygt og godt, sju artistar som alle vil kvarandre det beste.

Eg er kommen heim no. Skikkelig rart. På gården har vi vore isolert fra kvardagen, vi har ikkje ein gang hatt mobildekning. Plutselig er ein ute av bobla, og det er ein merkelig følelse. Litt trist faktisk.

Kjem til å savne alle. Vi blei ein så god gjeng, lærte kvarandre å kjenne ekstremt godt på så kort tid. Ikkje rart da vi jo har gått gjennom liva til alle fra A til Å. Føles som om vi alltid har kjent kvarandre. Skitt altså, for noken herlige og intense dagar. Gledar meg ekstremt til å sjå resultatet. Og så gledar meg allerede til å treffe dei andre att. 

No har eg køyrt tre vaskemaskiner, pakka ut, og pakka ned igjen, for i morgo pigge eg til Spania. Markus og Billie er der allerede, eg klarar nesten ikkje vente med å sjå dei.

Livet er fint.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.