Det er søndag, og eg har akkurat komme meg heim etter ei festlig helg; først sommarfest hos Bjørn og Anniken på fredag, så familiefest på Gåsøya i går.
Eg trur eg trengte ei slik helg, for i det siste har eg vore ganske anspent og stressa- koffor får di snart vite. Godt å koble av med deilige folk, fint vær og vin i glaset.
I morgo er det ut på tur, og eg skal straks sette i gang å pakke. To kofferta, minst. Eg kjenner det ristar i heile kroppen, pulsen er konstant høg og eg har sommarfugla i magen. Eg gler meg.
Riktig nok gruar eg meg til å vere vekke fra Billie og Markus i nesten to veker, men akkurat denne gangen kan eg ikkje ha dei med. Eg ville ikkje fått tid til å vere med dei uansett- og konsentrasjonen min må vere på det eg skal gjere. Sikkert verre for mor enn barn. Takk og pris for videosamtalar!
Forresten, venninna mi, Camilla Stenberg, har akkurat sluppe den nye kolleksjonen sin, og den er knall-lekker. Det er ein liten kolleksjon med skjorter, shorts, playsuits som er veldig fine i snittet. Eg elskar slike antrekk på sommaren, loffe rundt i komfortable kle.
Snakkast snart. God søndag alle sammen 🙂
Tone.