Fyllesjuk uten ein dråpe alkohol

Det er tidlig kveld og eg svir i augene. Det har eg gjort i heile dag. Kjennes ut som eg har vore på hardfylla, noke eg på ingen måte har. Kan faktisk ikkje hugse sist eg var på fest. Eller jo, det var Tshawe sin 40- årsdag i januar i fjor. Eg savnar ein fest no, veit mange gjer det altså.

Eg svir i augene fordi eg er heilt most, trøtt, kaputt, ferdig… Eg låg ein time i går uten å klare og sove, sikkert fordi eg venta på at Marlon skulle vakne. 01:15 sovna eg omsider etter å ha mata han. 01:30 kom Billie inn, borga av sofaputer ho hadde bygd i senga si hadde rast sammen, og eg måtte hjelpe ho. 03:30, ny matrunde med Marlon. I desse stundene savnar eg å amme, berre slenge ut puppen og la det stå til. Eg må jo ut på kjøkkenet å lage til flaske, riktig nok har eg gjort verdens beste investering; melkemaskin- så flaska er laga på null komma svisj. Han sovna ganske kjapt igjen, men 04:30 bestemte han at det var morgon, så da var det berre å slenge på seg slåbroken og vandre inn i stova som ein zombie. Flaks at han er så søt, for eg smelta jo heilt. Dagen var da i gang og eg holdt det gåande heilt sidan. I tillegg har eg hatt to møter i dag, noke som ikkje er optimalt på slike trøtte dagar.

Marlon har lagt seg no. Billie skal snart i seng, og eg skal knekke meg ein vel fortjent øl før eg sjølv hoppar til køys. Eg burde sikkert lagt meg i takt med Billie i kveld, men så er det noke med denne voksentiden (hata det orden da eg var liten). Vi MÅ ha litt tid aleine, berre oss to- det er så viktig i denne tiden. Alltid viktig for så vidt, men litt ekstra viktig akkurat no.

Og med det loggar eg av. Hei igjen bloggen, forresten. Det var eit kvarter sidan sist. Det blir som det blir no for tiden. Marlon er sjefen pr dags dato. Og eg veit. Bildene henger ikkje sammen med denne teksten, men eg orka ikkje noken selfie i sofaen akkurat no, derfor blir det heller bilder fra ein solfylt dag der eg hadde masse energi;)

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.