Julepynten er rydda vekk og det er ingenting som lenger minna om jul her i heimen. Eg syns alltid det er godt, på lik linje med å få av seg bunaden på 17.mai. Det har vore ei veldig fin juletid og alle her har kosa seg. Julafta feira vi hos pappaen til Markus, ekstra hyggelig var det at mamma og pappa var der med oss.

1.juledag reiste vi sydover til sol og varme, og det kjente eg var etterlengta! Sjølv om eg allerede på flyturen nedover kjente at bihulene oppførte seg drit, og verre skulle det bli. Køyrte rett og slett på med ein aldri så liten influensa med feber og oppkast. Ikkje å foretrekke på ferie, men samtidig er det vel litt typisk. Riktig nok føler eg at eg har fått min dose sjukdom den siste tida.

teksten fortsetter under bildene

Før jul tok vi desse julebildene for Se&Hør. Vi gjorde ein tilsvarande shoot da Billie var 8 månadar, og vi har vore så glad for dei. Derfor ville vi gjere det igjen, 4 år seinare, bilder som vi for alltid vil ta vare på. Truls Qvale, ein av mine favorittfotografar, har tatt både forrige shoot og denne. Alltid like happy!

Så var det nye året her, 2019! Kor deilig er det ikkje å starte med blanke ark? Eg føler alltid at eg treng det. Ein boost, eit spark i rumpa, nye muligheter og LYST! Den første dagen etter ferien har det handla mest om å komme seg á jour; pakke ut, vaske kle, rydde og fylle opp kjøleskapet- “studla og stedla” i heimen. Det føles bra!

I morgo starta det på ordentlig. Da har eg blant anna planar om årets første trening. Blir ikkje heilt feil det heller etter ein relativt lat periode på den fronten.

GODT NYTT ÅR alle sammen! Måtte 2019 bli eit fantastisk fint år.

FOTO: Truls Qvale, Se&Hør // SMINKE/HÅR: AG Starheim & Evelyn Solheim // STYLING: Hedda Skoug // INTERIØRSTYLING: Tone Kroken

2 thoughts on “Køer 2019!”

Leave a Reply to Tilli Cancel Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.