Da eg først kom til Las Palmas var eg ikkje heilt overbevist, byen såg litt sliten og grå ut ved første augekast. Førsteinntrykket mitt skulle fort snu, og eg lærte meg kjapt å like denne byen veldig godt. Eg følte jo óg at eg måtte lære meg å like den sidan eg skulle bu der såpass lenge.

 

Etter to månader i Las Palmas har eg blitt kjempeglad i byen, og den overraska meg stort! Huset eg budde i låg i gamlebyen, og gamlebyar er alltid ein god idé. Det er så utruleg hyggelig der; trange gater, sjarmerande bygningar, gamle katedralar og koselige fortausrestaurantar. Masse sjel og kvardagsliv! Her er mine Las Palmas-tips til plassar å ete.

La Barra 

Dette er ei perle av ein liten restaurant som servera gourmet-tapas. Dette er kanskje det mest kreative og urbane kjøkkenet i Las Palmas. Definitivt ein glede for alle sansar og ein kulinarisk opplevelse. Dei beste skinker og ostar, bao med and, angus biff, griseøyrer og mykje meir. Dei servera lokal vin, blant anna ein fantastisk god fra Lanzarote, men den har eg glømt ke heiter… Må nok ta meg ein tur tilabake for å sjekke!

Anbefalar å booke bord da det er trangt om plassen.

Calle Joaquín Costa, 25, 35007 Las Palmas de Gran Canaria

Mr.Kale

Eg blei så glad da eg oppdaga denne litt sunnare varianten av ein plass. Her har dei smoothie bowls, ferskpressa juice, wraps, sandwich og pannekaker. Her har dei noke for alle. Ganske deilig å ha eit litt sunnare alternativ tilgjengelig!

c/ Cano, 35, 35002 Las Palmas de Gran Canaria

Vai Piano

Denne italienske restauranten ramla vi innom heilt tilfeldig da den låg veldig nærme der vi budde og vi var skrubbsvoltne etter jobb. Plassen viste seg å ha kjempegod italiensk mat; carpaccio, buffalo mozzarella, skinker, risotto, pasta og pizza. Eg er ein “sucka” for italiensk, så det passa meg ekstremt bra å ha denne i nabolaget. Veldig koselig å sitte ute på den opne plassen, og rett over gata var det ein hyggelig leikeplass for Billie.

Plaza de Cairasco, 35002 Las Palmas

Manso

Bar og restaurant på ein kjempehyggelig takterrasse i gamlebyen. Eg spotta denne fra gata da vi ute å gjekk, og måtte umiddelbart google for å finne ut korleis hyggelig plass dette var. Og jammen sa eg smør, dette viste seg å topp stemning! Plassen er delt opp i to; cocktailbar og restaurant.

Manso har nydelig mat. Vi delte mange rettar og åt blant anna calamari (som er noke av det beste eg kan få), trøffel risotto, tacos med svin og biff. Anbefalast på det sterkaste! Her var vi fleire dagar i veka!

Calle Lentini, 8, 35002, Las Palmas
 
Eg følte meg så heime i denne koselige byen! Eg gledar meg allerede til å reise tilbake til “min andre heim”. Og så må eg sei at eg elska at byen ikkje var prega av turisme. Mange av restaurantane hadde kun spansk meny, noke som for meg er eit ekstremt bra tegn. Reis til Las Palmas, folkens!

2 thoughts on “Las Palmas Restaurant Tips”

  1. Hei 🙂
    Dette har ingenting med innlegget å gjøre men ville spørre deg om hva slags hår- stylingprodukter du bruker til hverdags? Tenkte du sikkert har prøved litt og har noen gode tips og favoritter å dele 😉 Har lest hvordan du har beskrevet håret ditt og
    tror vi har litt samme hårtype
    klem 🙂

Leave a Reply to Tone Damli Cancel Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.