På lørdag var var det Findings på Bislet Stadion, som alltid fantastisk moro! Før festivalen sneik eg meg innom VAAR og fekk stæsja meg litt. Ikkje noke eg vanligvis gjer før eg skal private ting, men sidan dei hadde tid- så passa det ypparleg.
Dei har fått ein ny ansatt, Torunn, som er kanonflink på fletter. Ho laga fiskebeinsfletter på meg. Ein av mine favorittsveisar, og ikkje minst veldig passande med tanke på høljeregnet som var ute. Sveisen satt heilt til i dag faktisk, men da var det på tide å slå håret laus. Ser ut som ei løve i dag!
Så var det altså mandag, eg likar egentlig mandagar veldig godt- blanke ark. Planen var å trene i dagtidlig, men det har enn så lenge blitt med tanken. Kanskje eg skal kle på meg tightsen etterpå og ta meg ein liten runde på SATS. Det er jo den beste måten å kickstarte veka på. Da får ein iallfall lagt helga skikkelig bak seg.
I ettermiddag skal Billie ha sin første pianotime. Gud, så spent eg er. Som mamma har eg eit stort ønske om at ho skal lære seg eit eller fleire instrument, og sidan vi har piano i stova er dette noke ho har blitt nysgjerrig på. Eg håpar ho kjem til å like det. Eg har sjølv gått på musikkskule i mange, mange år- og det kan til tider vere tungt og kjedelig. Eg skal iallfall gjere alt i min makt for å motivere ho, så gjenstår det å sjå om ho trives. Det er det viktigaste.
Eg må sei det er gøy at ho har blitt så stor at aktivitetar er ein del av kvardagen. No er det da altså piano og dans, og til vinteren blir det alpint (det er Markus sin fanekamp). Kanskje eg får pressa inn fotball til neste år 😉 Det er iallfall gøy å prøve, så får vi sjå ke ho kjem til å ende opp med å gjere etterkvart.
Håpar mandagen din er fin, om det er skulestart eller jobb. Ha ei strålande fin veke! 🙂