Reklame

På lørdag var det duka for beste Ida sitt utdrikningslag. Ho og Torgeir skal gifte seg til sommaren, og vi ville selvfølgelig lage verdens finaste dag for ho. Eg har kjent Ida heile livet, og er ein av dei finaste jentene eg veit om.

Vi starta på ein takterrasse på Aker Brygge med deilig, sunn frokost levert av PinkFish, verdens første fast food konsept basert på norsk sjømat. Ferske og sunne  råvarer og i tillegg har Pink Fish har sterkt fokus på bærekraft og miljø, og all emballasje er nedbrytbar. Det syns eg er fint! Good fastfood for good girls! Det viktigaste for å holde ut ein slik lang dag er å få i seg nok mat, og PinkFish hadde tilbud for ein kvar smak- selvfølgelig óg til vegetarianarane i gjengen.

Gode, mette og full av energi bar ferden videre på “Silent Disco” på Ball. Det er noke av det meir vittige eg har vore med på. 30 jenter med headset på, småtipsy og dansande i eit heilt stille lokale. Vi såg sikkert heilt klin kokos ut, men vi hadde det så gøy.

Så bussa vi tilbake til Aker Brygge der vi skulle ut i båt. Været og temperaturen kunne så absolutt ha vore bedre, men ingen hindring for oss. Vi hadde alle pakka fram vinterjakkane igjen, så vi var godt rusta- dessuten kunne vi óg sitte inne. Fine Eva hadde laga “Syng med Skram” sanghefte, så her blei det den eine allsangen etter den andre. I Ida sin ånd.

Til slutt avslutta vi ein lang dag heime hos Eva med deilig tapas, andre morsomme påfunn og selvfølgelig enda meir allsang. Etter 18 timar takka eg for meg. På søndag var eg lykkelig knust. For eit fantastisk og gøy utdrikningslag.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.