Melodi Grand Prix 2020!!!

Oi oi oi! Med bølger av masse følelsar kan eg endelig rope ut at eg skal delta i Melodi Grand Prix- 11 år etter at eg stod på samme scene for første gang med “Butterflies”. Nettopp derfor har eg valgt å vere med igjen. Eg veit akkurat ke eg går til, og eg veit kor fantastisk gøy dette sirkuset er! I fjor deltok eg på sendingen med ein hyllest til Tor Endresen, og da eg gjekk i gangane i Spektrum kjente eg på alle følelsane som låg i veggane. Eg kjente da at dette VIL eg vere med på igjen. Forrige gang kom eg på 2.plass etter Alexander Rybak. Eg har fortsatt til gode å komme på ein 1.plass 😉

Ein skulle kanskje tru at dette var grei skuring sånn nervemessig for meg, men nei da. Berre no når eg sit her å skriv dette, slår pulsen ganske så fort. Eg kjenner på at dette er ein konkurranse, og det er lenge sidan eg har vore med på lignande. Men det er jo denne følelsen eg elskar, sjølv om den påvirkar både på godt og vondt. Eg elskar dette drivet. Denne følelsen gir med eit megakick- sjølv om eg innimellom held på å kaste opp. Men eg trur nerver er bra. Det viser at ein slettes ikkje er likegyldig, og at det betyr noke. Dessuten er det tross alt over ein million som ser på, og det i seg sjølv er jo ganske enormt.

Eg føler på sett og vis at dette er ekstremsport. Ein slik oppladning med øving, psyikist forberedelse og puls. Så er det 3 minutt på scena, FERDIG! Adrenalinkick, glede og mestring! Det er den beste rusen i heile verden!!

Så no startar “hardkøyret” for min del. Eg skal jobbe beinhardt fram mot sending, og eg skal stå der stolt som ein hane og framføre låta mi “Hurts Sometimes”! Låta har eg skrive i lag med to talentfulle gutar, Jim Bergsted og Helge Moen.

Om eg vil vinne… Ja, så absolutt! Når det er sagt så går eg inn i dette med største ydmykhet. Eg hadde ELSKA å representere Norge i Eurovision, men her skal det leverast og presterast. Det er så mange dyktige artistar med i konkurransen, så la oss berre håpe og tru at den beste låta vinner. Om det er min eller noken andre sin, det vil tiden vise. Eg er supergira og ekstremt klar for å kjempe med nebb og klør! Så spennande!!

Eg håpar du vil følge med meg på denne reisa! Dette blir så GØY!!

5 thoughts on “Melodi Grand Prix 2020!!!”

  1. Herregud,så spennende!! jeg føler med deg. Må være utrolig nervepirrende. jeg unner deg ihvertfall å vinne mgp. etter den 2.e plassen. NÅ er det på tide med en første plass😊 HEIA,TONE!!👏👏👏🇳🇴❤️

  2. Dette er såå kult!! Heier masse på deg,Tone😊👌❤️ håper du vinner hele sulamitten. Du er superflink. Digger deg! klem fra meg😊❤️

Leave a Reply to Kay-arne Holm Cancel Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.