Så var tiden endelig komme! No på lørdag, eit halvt år etter innspelingen av Hver Gang Vi Møtes, skal programmet omsider på skjermen. Eg boblar over av følelsar, mest gode, men og ein god del spenning! Eg er jo ekstremt spent på reaksjonane. Eg håpar di vil like det di ser, og at samholdet i gjengen vår skinne gjennom.
Forrige helg såg eg på Hver Gang Vi Møtes Spesial der noken av dei tidlegare artistane som har vore med blei intervjua. Det var godt å sjå at dei satt med dei samme følelsane som eg sitter med akkurat no, det gjorde meg litt roligare. Det er ein heftig opplevelse å dele så mykje av seg sjølv, meir enn eg noken sinne har gjort tidlegare. Reine psykolog-timen. Eg må sei at det føltes veldig fint, at folk kan få bli litt kjent med meg på nytt eller kanskje få oppleve litt andre sider ved meg. Og Gud, som eg grine! Masse! Eg er ei følsom jente, noke eg virkelig fekk kjenne på under dette oppholdet. Men jammen ler eg mykje óg! Eg blei heilt støl i magemusklane!
teksten fortsetter under bildet
Det ein seier om den såkalla “bobla” ein havnar i i et program som Hver gang vi møtes, at ein blir så innmari gode venner på så kort tid; eg kan bekrefte at dette stemmer. Det er egentlig ganske vilt at det går an, men når ein deler så mykje med kvarandre, går gjennom ein persons liv og karriere kvar dag, da blir ein jo godt kjent og gjerne glad i kvarandre. Eg er i alle fall utrulig takknemlig for å ha fått så mange nye venner og at eg har fått høyre og ta del i deira historie. For ein fin gjeng! Eg trur nok at di vil bli litt glad i dei, di og!
Sesong 7 av Hver Gang Vi Møtes går på TV2 i morgon kl 20:00. Eg gledar meg!!
Godt nyttår alle sammen. Her i gården har ikkje det nye året starta heilt optimalt, til tross for ein veldig fin nyttårsfeiring på Geilo i lag med familie og gode venner.
Eg er sengeliggande- og eg kan faktisk ikke hugse sist eg var det. Sånn skikkelig sengeliggande der eg berre søve, hosta og tørka snørr på puta. Ikkje ein spesiell festlig start på 2018, men eg har riktig nok tid til det før ting brakar laus om ei vekes tid. Da MÅ eg vere frisk. Til veka er det nemlig lansering på Hver Gang Vi Møtes, og allerede neste lørdag er første program på skjermen. Det kribla i magen, har sjelden vore så spent.
No skal eg bruke dei neste dagane på å bli frisk, og så håpar eg at det nye året kan komme skikkelig i gang. Eg er iallfall veldig motivert og gledar meg til tiden framover.
Dette er ein ny tid, og eg supergira! Eg gler meg enormt til å ta fatt på Dailystory-eventyret, og har i aller høgste grad trua på at dette skal bli både moro og bra. Vi er jo ein venninnegjeng som har starta i lag, så arbeidsstundene våre føles ikkje som jobb, sett vekk i fra at vi sitte med snutane nedgravd i tastaturet. Vi skravla og ler, og kosa oss verre i desse stundene som vi jevnlig har.
Ein ny kvardag, eg gledar meg til å bli inspirert av dei andre i gjengen, ha eit kontor å gå til og dele så masse av meg sjølv som eg berre maktar. Eg håpar at du som lesar vil engasjere deg, komme med kommentarar og tilbakemeldingar på ting du ønsker at vi skal skrive om. Vi har allerede mange fine planar, men er selvfølgelig opptatt av å tilfredsstille deg lesar.
I tida framover er det mykje kjekt som skjer i mitt liv. På nyåret er eg aktuell som ein av artistane i ”Hver Gang Vi Møtes” på TV 2. Det boblar innvendig, og eg er utruleg spent, men aller mest gira og glad for at resultatet endelig skal komme ut. Det føles så lenge sidan vi var på gården, samtidig har eg tenkt på opphaldet kvar einaste dag sidan vi forlot Vestre Kjærens gård. Ein sjuk påkjenning for kropp og sjel, men i aller høgste grad verdt det.
Eg skal selvfølgelig dele masse derfra her på Dailystory, og kan love bilder og gøyale behind the scenes-historiar.
Dailystory er i gang, men eg skal fortsette å blogge under Adlink fram til februar då dette er ein del av min kontrakt med dei. Eg skal likevel bidra med det eg kan her da, så vi sjåast nok her også!
Håpar du vil følge oss!
Vi er heime hos mamma og pappa, berre Billie og meg denne gangen. I helga er det duka for den årlige julekonserten i Kulturhuset her i Sogndal. Vi er så heldige å få spele for tre utsolgte hus. For meg har dette blitt tradisjon, selvfølgelig skal eg heim å vere med på denne hyggelige konserten i lag med lokale musikarar, dei som eg har spelt med heilt sidan eg var liten.
Akkurat no sitte eg med headset på, lyttar til alle låtane eg skal gjere. Etterpå er det øving med gjengen, før eg skal nyte fredagskvelden i sofaen med mamma og pappa.
Jula nærma seg med stormskitt. Som alltid kjemme eg sikkert til å ha det grisetravelt veka før jul, typisk meg å tenke at eg har god tid, for så å springe rumpa av meg rett før juleferien starta. Jaja, det ordna seg alltid. Det er nok fleire enn meg som har det akkurat slik.
Eg er heilt punga etter denne helga, men på ein god måte. På fredag satt eg 10 timar på Gardermoen og spelte poker, ein god dag rundt filten der korta spelte godt med meg. Det er alltid gøy. Sett vekk ifra at eg nesten mista heile stacken min på siste handa.
Lørdag var det tre timar med julemesse i barnehagen der eg hadde kioskteneste i to av dei, superkoselig og stas for kidsa. Rett fra barnehagen til sminke, på med paljettane og klar for P3 Gull. Kontrastar er fint, hehe. Så heim fra festen der eg blei møtt med ei lita jente som hadde kasta opp i senga. Fra finstas til joggedress med oppkast på.
Heldigvis var formen hennas fin på søndag, og eg kunne sette meg i bilen og køyre til Gardermoen igjen- dag 2 av Main Event i Poker NM. Det blei ein kort affære for min del da mine to ess ikkje to mot to knektar.
Så var det heim igjen og rimelig spent på siste seriekamp for Sogndal mot Vålerenga. Det blei ein nervepirrande opplevelse, men med 5-2 seier sikra vi oss kvalikplassen, og vi kan puste letta ut før oppgjeret mot Ranheim på onsdag. Livet til ein Sogndal-supportar byr på mykje nerver mot slutten av sesongen, det skal vere visst.
Så i dag er sliten. Har gått i joggedress heile dagen, null sminke, berre sløva. I morgo er det full rulle igjen med møter og radiointervju.
I dag er heile lyric videoen til Strangers ute. Håpar di likar den 🙂
Laga av Ole Martin Halvorsen