Sjølv om eg er heime i Norge no er det meir fristande å legge ut bilder fra Spania, lettkledd i varmen. Høsten er fin den altså, men eg må sei at eg savna 30 grader og steikande sol. Men det er jammen mykje hygge med høst óg. På sett og vis er det godt å pakke seg inn i tjukke gensarar, store skjerf og huer.

 

Fra ei relativt hektisk forrige veke med Vero Moda-lansering, er denne veka komfortabel og digg. Eit par møter her og der, men virkelig slik at eg kan senke skuldrane etter ei travel tid. Egentlig hadde eg planlagt at denne veka skulle vere litt ferie for meg, men det klarar eg aldri. Er vel alltid litt på jobb, sånn er det berre. Eg er i planleggingsfasen av forskjellig ting, og det meste handlar om musikk. Tiden framover skal bli veldig spennande, og eg gledar meg masse til alt som skal skje!

I dag har eg sosa rundt i byen, gjort litt ærend, hatt eit møte og avslutta med 90 minuttar massasje på DaiKai- virkelig ein plass å oppleve og fantastisk god knaing. Kroppen min fortjente litt pleie etter ein periode med hardkøyr. Det merkast både her og der…   

No er det familiebursdag her i gården! Snakkast snart 🙂

Da eg først kom til Las Palmas var eg ikkje heilt overbevist, byen såg litt sliten og grå ut ved første augekast. Førsteinntrykket mitt skulle fort snu, og eg lærte meg kjapt å like denne byen veldig godt. Eg følte jo óg at eg måtte lære meg å like den sidan eg skulle bu der såpass lenge.

 

Etter to månader i Las Palmas har eg blitt kjempeglad i byen, og den overraska meg stort! Huset eg budde i låg i gamlebyen, og gamlebyar er alltid ein god idé. Det er så utruleg hyggelig der; trange gater, sjarmerande bygningar, gamle katedralar og koselige fortausrestaurantar. Masse sjel og kvardagsliv! Her er mine Las Palmas-tips til plassar å ete.

La Barra 

Dette er ei perle av ein liten restaurant som servera gourmet-tapas. Dette er kanskje det mest kreative og urbane kjøkkenet i Las Palmas. Definitivt ein glede for alle sansar og ein kulinarisk opplevelse. Dei beste skinker og ostar, bao med and, angus biff, griseøyrer og mykje meir. Dei servera lokal vin, blant anna ein fantastisk god fra Lanzarote, men den har eg glømt ke heiter… Må nok ta meg ein tur tilabake for å sjekke!

Anbefalar å booke bord da det er trangt om plassen.

Calle Joaquín Costa, 25, 35007 Las Palmas de Gran Canaria

Mr.Kale

Eg blei så glad da eg oppdaga denne litt sunnare varianten av ein plass. Her har dei smoothie bowls, ferskpressa juice, wraps, sandwich og pannekaker. Her har dei noke for alle. Ganske deilig å ha eit litt sunnare alternativ tilgjengelig!

c/ Cano, 35, 35002 Las Palmas de Gran Canaria

Vai Piano

Denne italienske restauranten ramla vi innom heilt tilfeldig da den låg veldig nærme der vi budde og vi var skrubbsvoltne etter jobb. Plassen viste seg å ha kjempegod italiensk mat; carpaccio, buffalo mozzarella, skinker, risotto, pasta og pizza. Eg er ein “sucka” for italiensk, så det passa meg ekstremt bra å ha denne i nabolaget. Veldig koselig å sitte ute på den opne plassen, og rett over gata var det ein hyggelig leikeplass for Billie.

Plaza de Cairasco, 35002 Las Palmas

Manso

Bar og restaurant på ein kjempehyggelig takterrasse i gamlebyen. Eg spotta denne fra gata da vi ute å gjekk, og måtte umiddelbart google for å finne ut korleis hyggelig plass dette var. Og jammen sa eg smør, dette viste seg å topp stemning! Plassen er delt opp i to; cocktailbar og restaurant.

Manso har nydelig mat. Vi delte mange rettar og åt blant anna calamari (som er noke av det beste eg kan få), trøffel risotto, tacos med svin og biff. Anbefalast på det sterkaste! Her var vi fleire dagar i veka!

Calle Lentini, 8, 35002, Las Palmas
 
Eg følte meg så heime i denne koselige byen! Eg gledar meg allerede til å reise tilbake til “min andre heim”. Og så må eg sei at eg elska at byen ikkje var prega av turisme. Mange av restaurantane hadde kun spansk meny, noke som for meg er eit ekstremt bra tegn. Reis til Las Palmas, folkens!

Så var eg heime igjen etter nesten to månader på Gran Canaria. Det er deilig, men óg rart når slike store prosjekt tar slutt. Og dette tok slutt veldig brått.

 

Finalen som var for ca 1,5 veke sidan er noke av det drøyaste eg har gjort. Slike nerver er det sjeldent eg opplever. Eg hadde riktig nok fått bra med trening i mange veker med innspeling, men ingen trening i å lede eit program LIVE. Tanken på det syns eg var griseskummel; heilt aleine! I tillegg er Love Island ein ekstremt “levande” produksjon. Med det meinar eg at manus ikkje kan skrivast ferdig før dagen før da ein aldri veit ke som skal skje. Så finalemanuset blei klart natt til sjølve sendingen- det er ganske kort tid på å lære seg all tekst! Eg våkna på morgonen og tårene kom umiddelbart. Eg hadde mest lyst å springe fra heile greia! Eg vil tru ein kan sammenligne det med ein stor eksamen, og ein er ikkje veldig gira på å møte til ein eksamen uten å kunne pensum godt nok.

Men eg kunne jo ikkje springe fra det… Heile dagen var eg ganske rar, stille og fokusert… AG og Henrikke fekk virkelig oppleve ei anna jente sminkestolen. Eg las og las og las.

Så var sendingen der! Eg kunne ikkje anna enn å stole på meg sjølv og gjere mitt beste- og det var det eg gjorde. Og etter forutsetningane så syns eg at eg kom meg greit gjennom. Da eg var ferdig føltes det som eg hadde vunne Grand Prix- eg var så lykkelig og gira!! Da skjønte eg óg koffor eg drive med det eg drive med. Ekstremsport på sett og vis- og verdens beste følelse etterpå!

Allerede morgonen etterpå satt vi nesten heile gjengen på flyet heim til Norge. To månader “gone in a flash”! Så mange følelsar og gode minner å tenke tilbake på. Og heldigvis sit eg att med ein kjempegod følelse og veldig glad for at eg valgte å takke ja til denne jobben. Det har vore moro, lærerikt og spennande. Og takk for alle fine tilbakemeldingar- det har vore så viktig og godt!

På Gardermoen sto dei to beste i verden å venta på meg med blomster og kjærlighet! Da kom tårene enda ein gang. Det har vore utfordrande og til tider vanskelig å vere vekke fra dei og gjensynsgleden var fantastisk. Endelig samla igjen, endelig tilbake til den fine kvardagen- den som i mine auger er aller best!

Kvar dag mens eg sitter å bli sminka av AG til Love Island så går spelelista mi. På desse vekene har eg fått mange nye favorittar, og tenkte eg ville dele dei med dikka. Musikktips er iallfall noke eg setter ekstremt pris på, eg elskar å oppdage nye låtar. Detter er mi topp 10 liste akkurat no:

  • Yuna & Usher- Crush
  • No.4- Lite og stort
  • Miriam Bryant- Black Car
  • Lily Allen- Lost my Mind
  • London Grammar- Hey Now
  • Vérité- Somebody Else
  • Christine and the Queens- La marcheuse
  • Zedd, Elley Duhé- Happy Now
  • Years & Years- Shine
  • Hubbabubbaklubb- Mopedbart


  • Kom gjerne med nye musikktips til meg! 🙂

Reklame

I dag er det akkurat ei veke til det braka laus med direktesendt finaleshow fra Gran Canaria og Love Island, og eg kjenner at spenningen stig rundt akkurat det. For meg blir det ein heilt ny opplevelse, og da bør ting gå på skinner. Planen er jo at det skal gjere det, men det er vel nettopp det som er spenningen med live-tv, at ein aldri heilt kan vite. 

Eg har riktig nok gjort mange live-show i mitt liv, men da med sang som eg føler meg veldig komfortabel med. Programledarrollen føles fortsatt fersk og nervepirrande. Ei veke att, og eg skal suge til meg kvar einaste dag og opplevelse. Om ei veke er det tilbake til kvardagen, noke eg óg gledar meg vanvittig til. Kvardagen og familielivet er jo det beste som finns!  

I går var Irene sin siste dag her nede, og da måtte vi selvfølgelig avslutte med fletting. Denne fiskebein-varianten blei heilt rå! You kick ass, girl!

AG og Henrikke er tilbake, og eg gledar meg vilt til siste innspurt med dei to tøttene. For eit team eg er så heldig å ha. Håret er nyvaska, ansiktet rensa, leggane silkeglatte- eg er klar for ein ny dag på jobb!

Happy Thursday!

 Dette kan trygt kallast ein litt seig søndag, men det er heilt innafor da dei siste dagane har vore greit innholdsrike! Deilig med ein søndag uten mål og meining. Men no har eg faktisk tatt på meg treningstightsen (som har låge ubrukt så lenge eg har vore her), og eg skal ta meg ei treningsøkt. Det blir nok grisetungt på ein dag som dette, men det er berre til å komme seg gjennom.

Mandag i morgo, og vi går inn i nest siste veke på Love Island. Sjukt kor fort tiden har gått her nede, og så rart at det faktisk snart er over. Litt blanda følelsar rundt det faktisk. Det blir jo heilt fantastisk å komme heim til det vanlige livet og familien, men samtidig litt vemodig at det heile er over. Eg har alltid masse følelsar rundt slike produksjonar.

Uansett. Fullt fokus og masse glede. No skal mor få sveitta ut litt!