Dagane går i surr og kor mykje klokka er har ikkje så mykje å sei. Eg står riktig nok opp til normal tid, ingen alternativ, og det er for så vidt veldig bra. Også prøver eg å gjere ein liten innsats med sminkekosten kvar dag, berre for å ikkje føle meg som ein dass. Føler eg meg som ein dass blir energinivået deretter og dagen slapp. Det er det siste eg vil. I desse koronatider er det om å gjere og tenke positivt og gjere det beste ut av situasjonen. 


Eg har stått ein god del på kjøkkenet i det siste, og syns det er supergøy å teste nye oppskrifter. Eg har laga frokost-cookies, gulrotvafler, smoothie bowl, sjokoladekake. I kveld skal eg prøve meg Pasta Alfredo med Chicken Milanese som eg såg på YouTube-kanalen til Phillipe Cohen, typen til Bianca Ingrosso. Dei ete alltid så sjuke pastarettar. EG ELSKA PASTA! Håpa eg får det til… Eg er faktisk ikkje heilt krise på kjøkkenet. Likar iallfall å prøve meg fram. Hender eg får det til, hender det går åt skogen. 

I følge kalendaren er det fredag i dag, og det betyr kosekveld. Vi må prøve å skille litt mellom kvardag og helg. Så med det; vil ønske alle ein GOD helg! Fortsett å ta vare på kvarandre. Avstandsklem fra meg.

Det er mange som har tatt med seg dataen heim og må ha kontortid ved spisebordet. Sjølv merkar eg at det kan vere vanskelig å konsentrere seg med ei 6 år gammal jente som drar ein i buksebeinet. Da kan det hjelpe å putte proppane i øyret ei lita stund og høyre på deilig musikk som får konsentrasjonen på rett spor. Her er mine topp 10 “jobb-låtar” for øyeblikket.
  1. Golf On TV – Lonnon Stella, JP Saxe
  2. I Do – Astrid S, Brett Young
  3. Kings & Queens – Ava Max
  4. Come Over – Dagny
  5. Svag – Viktor Leksell
  6. Nå er det oss – Amanda Delara
  7. Spøkelser – Cezinando
  8. Glu – Fieh
  9. Dream – Jain
  10. The Other Side – SZA, Justin Timerblake

Det er rare tider, litt skummelt og absolutt ei tid vi skal ta på ramme alvor. Det er ikkje meir enn eit par veker sidan eg tenkte at det ikkje var så dramatisk, men for kvar dag som har gått har alvoret sunket inn, og no tar vi alle forhandsreglar. Det handlar ikkje om meg, det handlar om dei som ikkje tåler koronaviruset.

Ingen av oss her heime er smitta, men likevel har vi så godt som isolert oss fra omverden. Foruten om å handle mat og ein fotball i dag, så held vi oss heime. Vi er heldige som har god plass å boltre oss på utanfor huset, så frisk luft (fra E18) er lett tilgjengelig. Også spelar vi spel; Uno, Alias, Stigespel. Vi puslar og perlar, tegna og ser film. Eg har fått rydda i mange skap og skuffer som eg ellers brekker meg av. I ettermiddag skal eg starte på eit lite oppussingsprosjekt; gamle utemøblar som sto utanfor det gamle huset vi reiv. Dei skal få nytt liv! Det blir gøy (viss eg får det til…)

teksten fortsetter under bildet

Markus og meg skulle egentlig på kjærestetur til Paris førstkommande torsdag, men vi får heller prøve å lage litt amour her heime (hehe, det var ein sjukt klein setning). Men søren heller, det er jo det vi må. Lage ein romantisk kveld her heime, late som at vi sitter på ein fortausrestaurant i Paris og nyte kvarandre. Sistnevnte blir det iallfall rikelig med tid til det framover. Det er hyggelig da!

Ta vare på kvarandre folkens. Vask hender, unngå nærkontakt og hold dikka heime (om mulig). Eg ser mange som Facetimar i desse dagar, gjerne med eit glas vin på kveldstid. Der er koselig da- sosial på avstand!

Eg ser fram til ein normal kvardag, men når det vil skje anar vi ikkje enda. Vi får gjere det beste ut av situasjonen enn så lenge.

Hei fra ei rimelig punga jente som sitter i morgenkåpa på Høvik, klokka er snart 12. Kroppen trenge ro og kvile no ette dette sirkuset. Det er som at det har gått hol på ballongen, all lufta har sige ut. Eg trur det er bra da, at ein brukar litt tid etter ein så heftig periode. Både kroppslig, og ikkje minst mentalt. I tillegg begynnar eg selvfølgelig å bli sjuk, det er jo bankers etter noke slikt.

Det var vore noken rare dagar. Mange har sikkert lest om stemmekatastrofen som skjedde under finalen på Melodi Grand Prix. Eg er i ferd med å legge alt dette bak meg, men at det var kjipt- det skal vere sikkert. Eg syns på ein måte det rart å bevege seg videre uten å egentlig vite korleis ting kunne blitt. Men det er nok no, dette får vi aldri svar på, og eg gjer meg sjølv ein tjeneste ved å legge lokk på det.

No er det fullt fokus framover, og eg gledar meg til å sleppe meir musikk! Melodi Grand Prix har vore fantastisk gøy, og eg har kosa meg verre. Denne gigascena med eit så stort og engasjert publikum- rimelig magisk for ein artist!


Det er sol ute, og eg vurderar å gå meg ein tur, men veit egentlig ikkje om eg orkar å bevege meg ut av slåbroken. Eg er tett i heile hovet, så kanskje eg rett og slett skal legge meg tilbake under dyna. Det får vere greit å ha noken sånne dagar av og til. Det kjem alltid ein ny dag med nye muligheter.

Takk til alle som har fulgt meg i denne perioden, som har engasjert seg og støtta meg. Evig takknemlig!

Foto: Agnete Brun for Dagbladet Magasinet

Oi oi oi! Med bølger av masse følelsar kan eg endelig rope ut at eg skal delta i Melodi Grand Prix- 11 år etter at eg stod på samme scene for første gang med “Butterflies”. Nettopp derfor har eg valgt å vere med igjen. Eg veit akkurat ke eg går til, og eg veit kor fantastisk gøy dette sirkuset er! I fjor deltok eg på sendingen med ein hyllest til Tor Endresen, og da eg gjekk i gangane i Spektrum kjente eg på alle følelsane som låg i veggane. Eg kjente da at dette VIL eg vere med på igjen. Forrige gang kom eg på 2.plass etter Alexander Rybak. Eg har fortsatt til gode å komme på ein 1.plass 😉

Ein skulle kanskje tru at dette var grei skuring sånn nervemessig for meg, men nei da. Berre no når eg sit her å skriv dette, slår pulsen ganske så fort. Eg kjenner på at dette er ein konkurranse, og det er lenge sidan eg har vore med på lignande. Men det er jo denne følelsen eg elskar, sjølv om den påvirkar både på godt og vondt. Eg elskar dette drivet. Denne følelsen gir med eit megakick- sjølv om eg innimellom held på å kaste opp. Men eg trur nerver er bra. Det viser at ein slettes ikkje er likegyldig, og at det betyr noke. Dessuten er det tross alt over ein million som ser på, og det i seg sjølv er jo ganske enormt.

Eg føler på sett og vis at dette er ekstremsport. Ein slik oppladning med øving, psyikist forberedelse og puls. Så er det 3 minutt på scena, FERDIG! Adrenalinkick, glede og mestring! Det er den beste rusen i heile verden!!

Så no startar “hardkøyret” for min del. Eg skal jobbe beinhardt fram mot sending, og eg skal stå der stolt som ein hane og framføre låta mi “Hurts Sometimes”! Låta har eg skrive i lag med to talentfulle gutar, Jim Bergsted og Helge Moen.

Om eg vil vinne… Ja, så absolutt! Når det er sagt så går eg inn i dette med største ydmykhet. Eg hadde ELSKA å representere Norge i Eurovision, men her skal det leverast og presterast. Det er så mange dyktige artistar med i konkurransen, så la oss berre håpe og tru at den beste låta vinner. Om det er min eller noken andre sin, det vil tiden vise. Eg er supergira og ekstremt klar for å kjempe med nebb og klør! Så spennande!!

Eg håpar du vil følge med meg på denne reisa! Dette blir så GØY!!

Reklame

Slik tar du vare på huden i vinter og vinterens populære hudbehandlinger!

Silje Gundersen er hud, injeksjons- og laser sykepleier og har jobba med huden min det siste året. Vinteren står for tur og ho vil dele sine beste hudtips med dikka, samt dele korleis behandlingar eg gjer akkurat no. 

Her er Silje sine eigne ord:

Som de fleste sikkert merker så forandrer huden seg ofte i denne perioden. Mange føler at huden er i ubalanse. Den blir mer tørr, irritert, gusten og det er lettere å få kviser/akne. 

For å gjenskape glød og jevn hud er mine beste tips følgende:

Medisinsk Dermapen kombinert med mesoterapi er min favoritt. Denne jobber med struktur, forebygger akne, gir fukt og spenst til huden! Dette er en behandling Tone har fått denne høsten og som vi skal fortsette med gjennom vinteren. Dermapen gir små nålestikk til huden for å skape en kontrollert traume slik at kollagen-produksjonen stimuleres og vi får en tightning i huden. Huden blir aktiv og gir en flott glød.

Mesoterapi er små stikk med vitaminer og fukt, så dette er den perfekte kombinasjon før julebordet. Jeg anbefaler å gjøre behandlingen tidligst 3 dager før julebordet evt. 1 uke i forkant. 

Jeg jobber alltid ut fra hver enkelts hud og behov, så behandlingen blir skreddersydd til akkurat deg. Dermapen kan jeg også kombinere med andre type behandlinger som peelinger eller laser for et optimalt resultat.

Hjemmebehandling:

Ønsker du heller en hjemmebehandling, vil jeg anbefale en god kornskrubb. Denne bruker du etter du har renset bort sminke og avfallstoffer. Jobb inn skrubben med litt vann på hendene og masser den lett i 1 minutt. Skyll av med vann. Avslutt med et serum eller en god maske etter behov. Min og Tone´s  favoritt er Noon sin Trio Lift maske. Den er super for oppstramming og glød. Bruker du Noon sine Lift & Whitening ampull over gir det utvilsomt en fin glow før vinterens festligheter. Disse produktene vil jeg anbefale å bruke samme dag som du skal noe spesielt.

Har du en blank t- sone eller akne vil jeg anbefale en mer utrensende maske, som Noon sin Mediclay mask. Et tips er å kombinere ulike masker. Legg gjerne MediClay mask  i T- sonen om du er blank og Noon Trio Lift i resten, så holder også makeupen seg mye bedre og lenger på huden.

Lykke til!

Ønsker du å lese om flere behandlinger eller du ønsker du å bestille en time evt. har spørsmål, kan du ta kontakt her på bloggen min: https://siljegundersen.no/

Hilsen Silje Gundersen, Beths Medispa